Øving under is
Redningsdykkarane gjekk under isen på Tøsdal.
Demonstrasjon av ny redningsbåt og øving på dykk under is sto på programmet då Os brannvesen sitt redningsdykkarteam hadde øving tysdag kveld.
- Slangar, innluft, glidelås og symjeføter - alt fraus på land, men i vatnet gjekk det fint. Det er sjeldan vi får denne type øving her på Vestlandet, seier brannsjef Stein Gjøsund.
Under isen på Tøsdal
Os har eige lag med redningsdykkarar, og desse har øvingar jamleg. Men det er ikkje berre om sommaren at det kan skje uhell i sjø eller vassdrag.
- Vi ville nytta høvet no når isen ligg, å øva på redningsdykk og søk under is. Under brua på Tøsdal er det litt straum og delvis ope, så det var ein godt eigna plass.
15 meter om gongen
Dykkarane går aldri lengre vekk enn 15 meter under isen. Er det behov for å symja lengre lagar dei nytt hol.
- Dykkarane skal også vera trygge. Vi har også prosedyrer på kva vi gjer om noko går gale med våre eigne. Ved for eksempel brot på tilførsel av luft skal dykkarane legga seg med positiv oppdrift under isen og prøva å senda lyset opp. Då blir det lettare å finna dei.
Under vatn gjekk det fint i går, men på land fraus det meste av utstyret.
- Vi måtte til og med dyppa symjeføtene i vatn for å få dei av og på, alt fraus med det same det kom opp frå vatnet.
Sikt og søk
Enkelte plassar var djupna 6-7 meter, andre plassar var avstanden mellom is og botn berre 30 centimeter.
- Du skal ikkje romstera lenge i ei elv som renn roleg før det blir grumsete og dårleg sikt.
Er sikta for eksempel ein halv meter, så får dykkaren først ein halv meter stram line å gå på. Etter å ha søkt i pendel på denne avstanden blir linelengda auka med nok ein halv meter.
- Det er litt forkjell på om det er utrykking og håp om å redda nokon, eller om det er søk etter omkomne. Då søker vi gjerne i rutenett. Det blir som ved røykdykking, ulike metodar for ulike typar systematisk søk.
Ny flåte
Før øvinga tysdag var laget samla for å sjå den nye redningsbåten brannvesenet fekk inn dørene rett over nyttår.
- Vi har investert i ny, oppblåsbar redningsbåt som er godt eigna for bruk i elv, vassdrag og på is. Den har god oppdrift og ein platting for transport av redningspersonell og den som blir redda, fortel brannsjef Stein Gjøsund.
Sjå film frå øvinga. Foto: Varde Film & Media.