Øving på Lio
110 fekk mange telefonar frå Os, Tysnes, Fusa og fergepassasjerar på Halhjemsferga onsdag førmiddag.
Dei kunne roa innringarane med at dette hadde brannvesenet kontroll på. Det var nemleg dei som hadde satt fyr på leilighetane i Mobergslio.
- Vi driv å utdannar nye røykdykkarar og har i dag vist dei korleis røyken utveklar seg i ein brann, fortel brannsjef Stein Gjøsund.
Røykdykkaren låg inne i huset då dei tente på for å sjå korleis rauken bevega seg opp og ned i bygningen før flammane fekk overtaket.
Tidlegare enn planlagt
Brannen på Mobergslio måtte brannvesen gjera tidlegare enn dei eigentleg hadde planlagt.
- Det såg heilt forferdeleg inne i bygget. Dørar var saga i stykker med motorsag, det var gjort hærverk på interiøret og veggane, men grunnen til at vi tente på no, var at innbrotstjuvar hadde øydelagt stoppekrana til husa som ligg bak dette bygget, seier brannsjefen.
- For å sikra vassforsyninga til husa bakanfor fann vi ut at vi fekk gjera jobben no, slik at røyrleggar kan få fiksa forsyninga, sier Gjøsund.
Raude kors huset i haustferien
Måndag i haustferien skal brannvesenet tenna på ei hus i osbygda som nok betyr mykje for mange, nemlig raude kors huset ved Os barneskule.
- Det blir ei litt spesiell oppleving i og med at mange har eit forhald til huset.
- Vi kjem til å starta nedbrenninga av det på morgonen mandag i haustferien og bruke dagen, avsluttar brannsjef Stein Gjøsund i Os brannvesen.