Overtar damelaget
Tre osingar overtar etter Kenneth Husebø som trenarar for handballdamene til Os.
I vår, etter seks sesongar som trenar for damelaget til Os, takka Kenneth Husebø for seg. Det vil seia, han overtok jentelaget til Os medan 2. divisjonslaget fram til førre veke sto utan trenar.
Erlend Lyssand, som var assistenttrenar under Husebø dei siste tre sesongane, tar saman med Torbjørn Bøthun og Hans Arne Eidsvik over som trenar.
– Prosessen fram mot å finna dei tre vi no har valt har vore lang, synes nok mange, men det har vore naudsynt å bruka tid på dette, seier leiar i Os Turn handball, Andris Hamre.
– For oss var det viktig å finna trenarar som kunne passa inn i klubben og gruppa med spelarar. Det hadde førsteprioritet. I tillegg var det viktig at trenarkandidatane anten hadde ei fagleg tyngde eller nok handballerfaring kombinert med eit hjarte for klubben. Vi falt for det siste.
– Inspirert av treningsvilje
Erlend Lyssand skulle eigentleg, som Husebø, gje seg etter sesongen. I staden tar han saman med Bøthun på seg jobben som hovudtrenar.
– Det krev mykje tid, men det er ein inspirerande jobb, først og fremst på grunn av innstillinga til jentene. Det er den ekstreme treningsvilja deira som gjer at eg takka ja til å halda fram som trenar.
Bøthun er eit kjent ansikt for dei fleste spelarane, men han har ikkje vore trenar på damesida før. Han har derimot trenarerfaring saman med Lyssand, dei to var spelande trenarar då herrelaget for få år sidan låg i 2. divisjon.
– Eg og Torbjørn fungerte fint saman. At vi i tillegg får med oss Hans Arne, som både har spelt i 1. divisjon for Alta og vore trenaren min, er veldig bra, meiner Lyssand.
Humor og action
Kaptein Emilie Hjertnes er glad for at leiinga har vore flinke å lytta til spelarane når nye trenarar skulle veljast.
– Vi er ivrige på banen, men er elles ein gjeng rolege og greie jenter. Då treng vi trenarar med litt tak i, gutar med humor og glimt i auget.
Og det meiner ho Erlend og resten av teamet har.
– No kan det jo henda at han forandrar seg veldig når han får hovudtrenar-ansvaret, og blir veldig tørr og alvorleg. Men eg tvilar, ler ho.
Ifølgje Hamre er målet for den komande sesongen å bli verande i øvre del av 2. divisjonstabellen, samstundes som 2. laget skal rykka opp til 3. divisjon, noko dei nesten klarte i år.