Lokal | 12. nov. 2013

Overgav seg til politiet

Etter over to timar med væpna politi rundt huset kom mistenkte ut. Huset er ransaka og mannen skal i dag i avhøyr.

Overgav seg til politiet
Politiet stilte sterkt i Hegglandsdalen i går. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 12. nov. 2013 09:43

Måndag i 21.50-tida rykte store politistyrker frå Bergen til Os for å bistå etter melding om skyting i Hegglandsdalen.

Væpna politi og hundepatrulje rigga seg klar og omringa i 22.50-tida ein bustad i Dalen.

Det blei oppretta kontakt med mannen, som var åleine i huset, og som på telefon med både politiet og med underteikna (Midtsiden-redaktør Kjetil Bruarøy), hevda at han var uskylig.

Les òg: – Eg føler meg trakassert

Ransaking og avhøyr

– Politiet opprettheldt kontakten og klokka 00.56 kom han frivillug ut av huset, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

– Han blei tatt med til fengsleg forvaring og skal til avhøyr i dag.

Politiet gjennomførte i natt ei ransaking av bustaden. Dei vil førebels ikkje seia om dei fann våpen.

– Eg vil ikkje kommentera saka yttarlegare før mannen har vore i avhøyr.

Høyrde ingen skot

Midtsiden var på staden frå klokka 22 til 00.30. I denne perioden snakka vi både med mistenkte og med tre av dei nærmaste naboane.

Ingen av dei skal ha høyrd skot i området i går kveld.

Mistenkte var i stova mesteparten av tida, og gjekk blant anna til vindauget og snurra peikefingeren i sirkel ved tinningen, for å visa kva han synest om politiaksjonen.

Han blei i november i fjor dømt for to tilfelle av uaktsam omgang med våpen. Saman med nokre andre forhold gjorde dette til at han blei dømt til 6 månadar fengsel utan vilkår.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.