Over toppen av Alpane!
I natt starta løpeturen, i formiddag nådde Thomas Andersen og Thorbjørn Ludvigsen toppen av Mont Blanc.
Før helga fortalte Thomas Andersen om planen om å løpa til toppen av Mont Blanc.
Den 4810 meter høge toppen er Vest-Europas høgaste og dei to ultraløparane frå Team Salomon har som mål å klara tur-retur på under 10 timar.
– Det er ikkje så gode meldingar, men på morgonen ser det bra ut, så planen er å starta klokka 4 i natt, sa Thomas til Midtsiden søndag kveld.
Turen starta 1000 meter over havet i den franske byen Les Houches nær Chaminox.
Ifølgje trackinga på Spot, som du finn link til nedst til venstre på thomasandersen.no, kom Thomas og Thorbjørn seg til toppen av Mont Blanc klokka 10.26, altså knappe 6,5 timar etter start.
No er dei to på veg ned igjen 3800 meter.