Over snittet på tre punkt
Os har høgare krimrate enn snittet for Hordaland i 3 av 7 kategoriar.
Tal frå Hordaland politidistrikt for krimrate per 1000 innbyggarar er no klare.
Statistikken er delt i sju kategoriar; brotsverk, forseelser, vinning, vald, seksualkriminalitet, skadeverk og trafikk.
• Hordaland har lågare krimrate enn snittet for landet i alle kategoriar, bortsett frå seksualkriminalitet, der Hordaland ligg likt som snittet for dei norske fylka.
• Os ligg over snittet i Hordaland i både valdskriminalitet, seksualkriminalitet og skadeverk.
• Os er 5. største kommune i folketal og på delt 6. plass på lista over distrikt/avdeling med høgast krimrate.
• Fusa og Tysnes (samla) har lågare krimrate enn Os i alle kategoriar bortsett frå trafikk.
• Bergen har høgast krimrate av alle distrikt, Austevoll har lågast.
Her er tala for Hordaland (snittet for Noreg i parantes)
Brotsverk: 49,2 (56,6)
Forseelser: 22,0 (23,9)
Vinningskriminalitet: 27,3 (35,6)
Valdskriminalitet: 4,9 (5,5)
Seksualkriminalitet: 0,9 (0,9)
Skadeverk: 3,0 (3,6)
Trafikk: 8,5 (11,9)
I alt: 67,8 (78,1)
Tal for Os - krimrate 2012
Brotsverk: 37,4
Forseelser: 17,0
Vinningskriminalitet: 18,1
Valdskriminalitet: 5,6
Seksualkriminalitet: 1,2
Skadeverk: 4,8
Trafikk: 6,3
I alt: 43,5
Krimrate, i alt, for alle distrikt/avdelinger:
Bergen: 166,5
Hardanger: 59,1
Bergen sør: 50,1
Nordhordland: 44,6
Bergen nord: 43,5
Os: 43,5
Bergen vest: 42,0
Voss: 39,6
Fusa og Tysnes: 37,2
Kvam/Samnanger: 32,1
Kvinnherad: 28,4
Gulen/Masfjord/Solund: 27,3
Austevoll: 24,0