Næringsliv | 15. juni 2014

Over 40 nye hus på Skeie

Dei er skreddarsydd barnefamiliar, med inntil fem soverom, leilegheitene som snart skal seljast og byggast ved skulane og hallen på Nore Neset.

Over 40 nye hus på Skeie
Her kjem nærmare 50 nye leilegheiter, rett ved barnehage, barneskule, ungdomsskule, idrettshall og kunstgrasbane. (Foto: Privatmegleren Bjørnefjorden)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 15. juni 2014 09:00

Bildeserie:

Moderne leilegheiter, men med plass som ein einebustad. (Ill. Bark Arkitekter)
Moderne leilegheiter, men med plass som ein einebustad. (Ill. Bark Arkitekter)
Finesse: Husa er teikna inn med hol i taket. (Ill. Bark Arkitekter)
Finesse: Husa er teikna inn med hol i taket. (Ill. Bark Arkitekter)
Arild Vikøyr. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Arild Vikøyr. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 3

Det er ikkje berre gamle, einslege eller nybakte foreldre som kan få seg noko nytt, enkelt og lettstelt – prosjektet Moldabakkane inkluderer leilegheiter med fire og fem soverom.

– Det er nok litt spesielt med så store leilegheiter i Os, men samtidig heilt naturleg når vi tenkjer på kva område dette er, med barnehage, barneskule, ungdomsskule, idrettshall og fotballbane rett utanfor stovedøra, seier Arild Vikøyr frå Privatmegleren Bjørnefjorden.

Han var sjølv klar med sine råd til utbyggar.

– Vi blei, som vi for tid ofte blir, kopla inn i prosjektet på eit tidleg stadie. Vår anbefaling var å bygga leilegheiter som er gode alternativ til einebustad, å bygga noko moderne og lettstelt, men med plass til familiar med to og tre ungar.

Stor forskjell med kort avstand

Vikøyr bur sjølv i området, men ein god kilometer frå skulane og idrettsplassen.

– Nore Neset er eit veldig populært område kor vi har selt veldig mange hus dei siste åra.

– Men det er stor forskjell på å bu nær skulen og rett ved skulen. Har du ungar blir det veldig mykje bilkjøring opp til dei er rundt 10 år uansett, sjølv om du berre bur nokre hundre meter unna.

– I dette nye prosjektet kjem du så nær du kan koma, og då er det naturleg at leilegheitene har plass også til dei som har fleire ungar og eldre ungdomar.

3 av 13 i første runde

Det er godkjent rett over 40 hus på tomta, men om utbyggar får det som han vil kjem det med tida nærmare 50 bustadar ved skulane i SKeismyra.

Dei første 13 er byggemeldt. Her er det tre rekker med tre hus, éi med fire leilegheiter.

I desse dagar blir den første rekka med tre hus lagt ut for sal.

Alle ungane i same etasje

Prosjektet er teikna av Bark Arkitekter og inneheld leilegheiter frå 118 til 125 kvadratmeter.

– Dei har ei veldig fin planløysing med tre soverom og tv-stove oppe, til i ungane, og eitt til to soverom utanom.

Bustadane er teikna av av Bark Arkitekter, i funkis-stil med fleire spennande detaljar.

Legg blant anna merke til at det er hol i taket (!) på kvar bustad.

– Mengda soverom og planløysinga er saman med plasseringa og arkitekturen med på å gjera prosjektet Moldhusbakkane til noko av det mest spennande som er for sal i Os, meiner Vikøyr.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.