– Øv heime òg!
Laurdag inviterer redningsetatane i Os til open brannstasjon på Moberg. – Då blir det sjans for både små og store å testa sløkkemiddel i praksis, fortel Anne Kjersti Storebø.
Denne veka arrangerar 320 brannstasjoner over heile landet Brannvernveke, kor brannrutinar og brannøvingar står sentralt.
– Laurdag 21. inviterer vi osingane til å open brannstasjon frå 11 til 14.
– Saman med politiet, ambulansetenesta og legevakta vil vi møta publikum for å fortelje om kva vi driv med og visa fram utstyret vi har tilgjengeleg.
Får søkka brann
Med den nye brannstasjonen på Moberg har brannvesenet fått betre rom for at folk skal få testa ting i praksis.
– Både barn og vaksne vil få moglegheiten til å testa litt av utstyret, både brannslangar og bilane står klare.
– Vaksne over 18 år vil mellomanna få prøve å sløkka ein brann ved hjelp av pulverapparat, fortel leiar for førebyggjande avdeling, Anne Kjersti Storebø.
I tillegg lovar Storebø både gåvar til dei minste og ein heil del aktivitetar inne på stasjonen.
– Mellomanna kjem legevakta til å utvida tilbodet på laurdag med eige legevakt for skadde kosebamsar, smiler Storebø.
– Kom til fots
Sjølv om beredskapshuset har god plass, så er det dårleg med parkeringsmoglegheitene på Moberg.
– Eg vil oppmoda folk til å ta beina fatt, eller å reisa med bussen.
– Plassen framfor køyreportane kjem til å vera fylt opp med aktivitetar, og parkeringa på andre sida av bygget er begrensa, så om folk parkerar i sentrum og tek bussen opp, så vil det vera det beste, seier Storebø.
Har ingen plan
Fokus for brannvernveka er at folk må vera betre på å øva heime også. I følgje ein ny undersøking så har ein av tre ingen planar for kva dei skal gjere om det byrjar å brenne der dei bur.
Berre fire prosent har hatt brannøving og prøvd ut rømmingsvegane, i følgje ei undersøking TNS Gallup nyleg har utført for If Skadeforsikring, Direktoratet for samfunnstryggleig og beredskap og Norsk brannvernforening.
- Det uroar oss at så mange ikkje har eit bevisst forhold til kva ein skal gjere ved brann. Ein rekk ikkje å gruble på dette når kjøkenet eller stua står i full fyr. Berre nokre få andedrag av den livsfarlege brannrøyken kan vere nok til å setje oss ut av spel, så her gjeld det å handle rett frå fyrste sekund, seier konserndirektør Morten Thorsrud i If Skadeforsikring.
Øvar på jobb, men ikkje heime
Undersøkinga viser òg at blant husstandar med to eller fleire personar, har berre 15 prosent avtalt møtestad utandørs i tilfelle brann.
- Barna har brannøvingar i barnehagen og på skulen, og mange vaksne har jamnleg øvingar på jobb. Men det er heime vi oppheld oss mesteparten av døgnet, og det er i bustader dei fleste dødsbrannane oppstår. Derfor burde det vere opplagt at vi har brannøvingar heime òg.
- Å avtale ein fast møtestad utanfor bustaden er noko av det enklaste og viktigaste ein kan gjere. Ved brann er det lett å kome bort frå kvarandre i kaoset som oppstår. For oss i brannvesenet er det eit skrekkscenario at folk spring tilbake inn i brennande hus for å leite etter familiemedlemmar som har kome seg ut andre vegar, supplerar Anne Kjersti Storebø.