Osløpet gjennoppstår
Os Turn Friidrett og Os sentrumsforening går saman om å ta opp att det tradisjonsrike Osløpet. Sentrumssjefen inviterer til felles morgontrening i august.
19. august blir det løperstemning i og rundt Os sentrum når Os Turn Friidrett og Os Sentrumsforening inviterer til Osløpet.
– Eg har aldri vore med på Osløpet sjølv, men forstår at det var store greier tidlegare og mange som har gode minner frå det. Då eg starta i jobben hadde eg lyst til å få til eit løp og tenkte på eit løp her i sentrum. Heldigvis kontakta eg Os Turn Friidrett og det viste seg at dei også gjekk med tankar om å starte fleire løp, så då blei vi samde om at vi skulle gjera det saman. Det er veldig kjekt å gjera noko saman med friidretten og at dei hadde lyst å flytta noko av sin aktivitet ned hit, fortel William Lindborg.
6,5 km, barneløp og stafett
Den nye utgåva av Osløpet blir i ei løype på 6,5 kilometer.
– Det blir start på torget, så går løypa over til den gamle brannstasjonen, forbi Fjellheim, opp Holtbrekka, vidare over til Moberg og ned til Oseana kor Oseana stiller med drikkestasjon med musikk og balluba. Det vil vera ein strålande plass å vera tilskuer og heia undervegs i løpet.
– Frå Oseana går turen vidare over gjestehamna og brua til Lyngheim og ut til Solstrand. Derifrå løper vi opp til Hatvikvegen langs hovudvegen ned til Solstrand. Etter å ha kryssa Hatvikvegen i lyskrysset der oppe går løypa ned til Finnebrekka, bort til gamlebrua og til målgang på Torget, forklarar Lindborg.
I tillegg til hovudløpet blir det barneløp på Kykjeflaten og i sentrum, og stafett i ei litt kortare løype.
– Stafetten er ope både for firma, lag og privatpersonar. Den er på 5 etapper som kvar er rundt 300 meter. Det går fint å løpe både stafetten og sjølve Osløpet.
– Vi startar med barneløpet klokka 12, stafett klokka 13 og avsluttar med Osløpet klokka 14.
Ikkje berre for eliten
Lindborg understrekar at Osløpet ikkje berre skal vera for dei som spring fort og langt.
– Løpet er ope for både eliteløparar og mosjonistar. Det er fullt lovleg å gå turen. Vi kjem til å legge inn nokre småkonkurransar både for publikum og deltakarane, så det handler ikkje berre om raskast mogleg tid.
Inviterer til fellestrening
Saman med Midtsiden inviterer Lindborg til felles morgontrening tre tysdager før sjølve løpet.
– Vi møtast på torget 1., 8. og 15. august for felles trening. Oppmøte klokka 0730, så rekk også dei tilsette i butikkane på Os å få seg ei treningsrunde før dei må opne butikkane klokka 9. Planen er å løpe gjennom løypa til Osløpet. Vi jobbar også med å finne ei løysing for dusjing etter treninga, seier Lindborg.
Påmeldinga til Osløpet opner til veka.