Osingar vann på Tysnes
– Gullet kom heim, seier Espen Halhjem etter ny triumf i Tysnes Sparebank Cup.
I helga blei årets gatecup på Tysnes arrangert, og Espen Halhjem gjorde som i 2010, samla saman eit lag av osingar og tok seg heilt til topps.
– Det var leikestove, påstår lagleiaren for Boing Klubben, som laget hans heitte i år.
Osingane vann dei innleiande kampane 11-0, 6-0 og 2-1.
– Stian og Torkel er i storform, legg han til om dei to 3. divisjonsspelarane til Os.
I tillegg til seg sjølv, Stian Lunde og Torkel Hjertnes, hadde Halhjem med seg Remi Lindborg, Kjetil Kvåle (keeper), Andreas Pettersen, Lars Martin Høyvik, Tore Tveit, Ørjan Bakke, Børge Solberg og Thomas Lindborg.
– I kvartfinalen vann vi 1-0. I semifinalen slo vi Zlatan, som har vunne fleire år, 4-1.
Finalen gjekk mot Boca Juniors. Der vann osingane 3-1.