Osingar med på TV2-fest
Maxprint i Kolskogen fekk eitt døgn på å levera gigabanner for TV2. Frå i dag prydar det rådhuset i Bergen.
TV2 feirar til helga 20 årsjubileum med folkefest på Festplassen og stor mottaking i Grieghallen. Båe plassar har eit osafirma vore med å levera dekor.
- Fila til denne fekk vi tysdag, onsdag var den ferdig og klar til å bli køyrd ned til Bergen, fortel Tommy Vaksinen Kristiansen, daglege leiar i Maxprint når han visar fram banneret på 10x30 meter som skal pryda veggen på Bergen Rådhus i helga.
Bestillinga kom direkte frå TV2, men Maxprint-gutane har vi andre selskap vore med å levera bannere og tykk også til utsmykkinga inne i Grieghallen i samband med jubileet.
6 timar, 3 liter blekk
Frå dei fekk fila frå designarane i TV2 tok det dei to timar før dei første blekkdråpene traff duken.
- Sjølve produksjonen tok seks timar. Det gjekk med omlag tre liter blekk på det 130 kilo tunge og 300 kvaderatmeter store banneret.
- Dette er den andre leveransen vi har til rådhusveggen i Bergen i år. I løpet av dei tre siste åra har vi levert ni banners ned der, fortel Kristiansen.
Det er ikkje kven som helst som får lov til å pryda rådhusveggen. For å få lov til å nytta den må det vera eit kulturarrangement eller folkeopplysning.
- Rein reklame blir ikkje tillette, forklarar Kristiansen.
Flyfoto av Ålesund
Maxprint har spesialisert seg på store format og produserar omlag 35.000 kvaderatmeter i året.
- Kva er det største de har leveret?
- Det var til Rolls Royce i Ålesund. Dei hadde bygd nytt kontorbygg som vendte mot ein skule som skulle rivast. I staden for å sjå på den nitriste bygningen som sto for forfall bestilte dei eit bilete av hamna og utsikten i Ålesund på 7 x 80 meter som dei dekorerte veggen med.