Osingar feirar verda rundt
Lesarbilde: Osingar i Arguineguin, Bangkok og på Søfteland har gjort som på Osøyro. Feira nasjonaldagen med tog og flagg.
Før feiringa starta ba Midtsiden lesarane senda oss sine bilde frå feiringa av 17. mai der dei er.
Frå Bangkok kom følgjande helsing frå Camilla Olsen.
- Vi feirar 17. mai i Bangkok etter fire månadar med studie på Bali!
Camilla er ikkje den einaste osingen som har feira dagen utanlands. I Arguineguin på Gran Canaria er det ein stor norsk koloni og i den finn vi mellom anna fire frå Søre Øyane.
- Vi er ein familie som har budd i Arguineguin sidan desember. Sofie går i 2. klasse på den norske skulen, medan Petter går på førskulen i Firfirsla barnehage på skulen, fortel Kjersti Lund, som sjølv har tatt seg eit friår frå jobb. Pappa, Geir-Wiggo Dale, pendlar til Norge for å jobba på båt (2/4-ordning).
Leikar i skulegarden
Dagen har dei feira med 17. maitog frå Colegio Noruega (skulen) til Anfistranda i tillegg til tradisjonelle aktivitetar på skulen.
- 17. mai har att rikeleg med innhald og blei ein minnerik dag.
- Tale av rektor, korsong av heile barneskuletrinnet, teatershow om Mowgli/Jungelboken med elevane på skulen, var noko av underhaldinga fortel Kjersti på e-post frå Gran Canaria.
I tillegg var det leikar som sekkeløp, potet-skjei-løp, fiskekonkurranse, blikkboks-kasting og sjølvsagt hot-dog, brus og is, rapporterar Kjersti som gratulerar alle heime på Os med dagen.
Har du bilete og ei historie frå 17. maifeiringa du vil dela med Midtsiden sine lesarar send ein e-post til andris@midtsiden.no eller mms til 47906111.