Lokal | 20. mai 2013

Osing (39) må sona 120 dagar

Fem gongar i 2012 blei han tatt med narkotika - ved eitt av tilfella kjørte han båt. No er han dømt til fengsel.

Osing (39) må sona 120 dagar
(Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 20. mai 2013 09:39

Ein 39 år gamal mann frå Os er i Nordhordland tingrett dømt til 120 dagar fengsel etter å ha blitt tatt med narkotika fleire gongar i løpet av 2012.

• Tysdag 24. april i fjor blei han tatt med 64 tablettar rivotril (klonazepam), 8 xanor (alprazolam ) og 0,2 gram heroin i Bergen.

• Fredag 18. mai blei han tatt i Os med cirka 3 gram hasj og 141 tablettar rivotril.

• Laurdag 23. juni blei han tatt i Bergen med 103 tablettar rivotril og cirka 2 gram hasj.

• Søndag 23. september blei han tatt på Halhjem med 72 tablettar rivotril, måndag 24. september blei han tatt med ein brukardose hasj.

I tillegg blei han 15. juli i 2012 stoppa då han førte båt medan han var påverka av blant anna amfetamin, metamfetamin og rivotril.

Ei sak frå oktober 2011, der han kalte to politibetjentar for "jævla rasshøl" og "idioter", blei også tatt med i saksbehandlinga.

Tiltalte møtte i retten, sa seg skyldig og blei dømt til 120 dagar fengsel. 5 dagar med varetekt kom til frådrag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.