Kultur | 28. feb. 2019

Osfest-programmet er komplett

Siste artistslepp i dag - Heine Totland og This Was My Life speler på Osfest.

Osfest-programmet er komplett
This Was My Life -eit Kim Larsen & Gasolin tributeband er saman med Heine Totland med å gjera Osfest-programmet komplett. (Pressefoto)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 28. feb. 2019 10:00

Bildeserie:

Heine Totland´s Rock & Roll Circus kjem attende til Osfest. (Pressefoto)
Heine Totland´s Rock & Roll Circus kjem attende til Osfest. (Pressefoto)
Osfest i fjor. I år blir siste festival på grusen, der det skal byggast parkeringshus. (Foto: KVB)
Osfest i fjor. I år blir siste festival på grusen, der det skal byggast parkeringshus. (Foto: KVB)
1 av 2

Heine Totland's Rock & Roll Circus gjentar suksessen fra Osfest 2016.

Til Osfest kjem òg This Was My Life – et Kim Larsen & Gasolin tribute band.

Nøgd festivalsjef

Med dette er programmet for Osfest 2019 komplett.

– Vi er veldig fornøyd med programmet og de dyktige artistene vi har klart å hanke inn til årets festival, fortel festivalsjef Tor Egil Hyland.

Heine Totland's Rock & Roll Circus

Heine Totland er ein av Noregs største sangere og entertainere, og har hatt fleire TV-opptredenar, både med symfoniorkester og med eige band. I 2018 var han ein av deltakerne i Stjernekamp på NRK.

Etter suksessen med musikalen «Buddy Holly The Musical» på Folketeateret i Oslo 2010, har Heine og Buddybandet hatt hundrevis av konsertar med «Buddy Holly The Concert». No er dei klare for å ta dette til nye høgder med flerie låter fra rockens barndom og tidlege ungdom.

Med spilleglede og smittende energi får du dei de beste «Rock & Roll»-låtene fra 50- og 60-tallet.

Heine Totland's Rock & Roll Circus speler laurdag 10. august.

This Was My Life

This Was My Life er et Kim Larsen & Gasolin tribute band med base i Bergen.

Bandet tek deg med på ei musikalsk reise gjennom historien til Kim Larsen og Gasolin.

I akustisk setting leverer dei det beste av hits som “Papirsklip”, “Midt om natten”, “This is my life” og “Hva gør vi nu, lille du”.

This Was My Life har i løpet av kort tid bygd seg opp eit rykte som eit av Noregs beste Kim Larsen & Gasolin tribute band. Med danske Claus som vokalist og frontfigur og dyktige og rutinerte bandmedlemmer, godt kjent fra Bergens musikkmiljø, er det duka for ein suksess-kveld.

This Was My Life spiller konsert lørdag 10. august. Før sjølve konserten blir det en intimkonsert i VIP-området med to av bandmedlemmene, Claus og Marius.

Slik vert Osfest 2019:

Fredag
Vivillain
Sipher
Sondre Justad
Smash Into Pieces
Stage Dolls

Laurdag
Intimkonsert i VIP-området med Claus og Marius.
This Was My Life
Heine Totland´s Rock & Roll Circus
Admiral P.
Violet Road
The Untouchabl(u)es

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.