Jakt, fiske og natur | 23. juli 2024

Oselvo opnar for laksefiske igjen

Frå 1. august kan du fiska i Oselvo igjen, men med redusert og personleg kvote.

Oselvo opnar for laksefiske igjen
Steinar Hopland i nedste sone 20. juni, før elva stengte. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 23. juli 2024 08:48

Signala kom tidleg, med lite oppgang før sesongstart og lite laks også då nedbørsmengdene hadde gjordt forholda gode.

Torsdag 20. juni gjekk grunneigarlaget ut og stengte elva for alt fiske. Så følgje Staten opp med stenging av 33 elver, inkludert Oselvo, som altså allereie var stengt.

Håpet var at laksen ville koma i større mengder noko seinare, og å opna 1. august med redusert kvote.

Og sånn blir det.

– Staten har godkjent at vi, etter eiga vurdering, gjenopnar for fiske. Torsdag 1. august opnar vi etter det som har vore ein av landets lengste periodar med stenging. Vi har venta for å sikra gytebestanden, seier formann Roald Helle.

Daglege observasjonar tilseier at det no har gått opp tilstrekkeleg med gytefisk.

Oselvo opnar for laksefiske frå 1. til og med 31. august.

Kvoten er éin laks per døgn, uavhengig av om du set fisken ut igjen eller ikkje.

– Kvoten er personavhengig. Om du for eksempel både har årskort i Kremretten og har kjøpt fiskekort i ei sone, kan du framleis berre ta maks éin laks.

Sjøaure er framleis freda.

Stim med laks under Osbruo 28. juni. (Foto: Roald Helle)
Stim med laks under Osbruo 28. juni. (Foto: Roald Helle)

– Er det ledige fiskekort i den opne perioden, eller blei alt kjøpt opp før den blei stengt?

– Det er selt fiskekort i august frå før, men eg har ikkje oversikt over kva som er igjen av kort. Ledige fiskekort blir nok lagt ut på inatur.no ganske snart.

– Vi gler oss på vegner av alle fiskarar at vi snart kan sjå folk langs elva igjen. Elva og villaksen er avhengig av fiskarane, som gjennom heile året tar vare på forholda, fiskar ut oppdrettslaks og steller med sideelvene. I år blei det ein redusert sesong, men vi får i det minste dyrka hobbyen vår litt på tampen av sommaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.