Os-ungdomen tapte
Både Os 2 og juniorlaget til Os tapte med fleire mål i helga. I kveld speler A-laget på bortebane mot laget til ein tidlegare trenar.
Os 2 vann serieopninga 5-2 over Nordhordland, på ein dårleg dag.
Laurdag spelte dei borte mot Osterøy og tapte 5-1.
– Vi starta med 9 svake minutt og låg under 2-0.
– Tor Erik Kjosås Berge skåra på eit fantastisk skot frå 20 meter, eit sånn skot som berre Tor Erik kan. Men vi hamna under 3-1 på ein corner før pause, seier Bjørn Mjelva, som leia laget laurdag.
I andre omgang prøvde Os 2 å snu kampen, og styrte ifølgje Mjelva dei første 20 minuttane, men klarte ikkje å putta. Så blei det 4-1 og 5-1 og jubel hos Osterøy-publikummet.
Frå 30-0 til tap
Juniorlaga til Os har starta på null og 3. divisjon, og førstelaget vann første kamp 20-0 (!) og kamp nummer to 10-0.
Søndag kveld spelte dei borte mot eit lag dei visste ville by på meir motstand, men motstandaren hadde nok meir å by på enn venta.
– Vadmyra hadde nok bestemt seg for å vinna denne, og tatt ned fleire frå 3. divisjon. Der hadde ikkje vi vore kyniske nok. Fysikk blei den store forskjellen mot våre førsteårsjuniorar, som heller ikkje var heilt på i går.
– Då var det heller ikkje til hjelp at medan vi ikkje fekk noko då vår Sander Kvittingen blei tatt ned i felten, så fekk Vadmyra straffe då det same skjedde deira spelar rett etterpå.
Vadmyra fekk i tillegg to andre straffar, den eine blei redda av Martin, den andre kom då ein utespelar på Os såg at innlegget kom frå cirka ein meter over dødlinja.
Han plukka ned ballen med nevane for å legga den på 5-meteren, men blei dømt for hands.
Os G19 tapte til slutt 5-1. Isak Røen skåra Os sitt mål.
– I ein så fysisk krevjande kamp måtte det ein handballspelar til for å skåra. Isak er ein tøffing, skryter Bjørn.
Han er no klar for å slå Fyllingsdalen 2, med tidlegare Os-trenar Frank Hellevik som leiar, i kveldens bortekamp med A-laget.