Sport | 28. okt. 2018

Os tok gull i veteran-NM

Null baklengs etter pause: – Vi har tatt mange medaljar, men dette var ein sterk og historisk finalesiger, seier lagleiar Gunn Nåmdal Røen.

Os tok gull i veteran-NM
Etter mange år med medalje blei det endeleg NM-gull på laget som på 90-talet spelte i øvste divisjon. (Foto: Linda Forstrønen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 28. okt. 2018 19:45

Bildeserie:

Det sto 3-3 til pause. Så tetta Os heilt igjen. (Foto: Linda Forstrønen)
Det sto 3-3 til pause. Så tetta Os heilt igjen. (Foto: Linda Forstrønen)
Så skåra dei 7 mål til. (Foto: Linda Forstrønen)
Så skåra dei 7 mål til. (Foto: Linda Forstrønen)
Medaljeseremoni. (Foto: Linda Forstrønen)
Medaljeseremoni. (Foto: Linda Forstrønen)
1 av 3

Os jenter 50 vann i dag finalen i veteran-NM i handball med ein solid 11-3-siger over Fjellhamar i finalen.

– Vi har vore i finalen 5-6 gongar før, og tapt alle. Dei fleste gongane har vi tapt med tilsvarande siffer for nettopp Fjellhamar. Det var ekstra kjekt å vinna på denne måten, og mot dette laget, seier lagleiar Gunn Nåmdal Røen.

Ein omgang utan baklengsmål

Årets veteran-NM blei spelt i Stavanger.

Det sto 3-3 til pause i finalen. Så tetta Os heilt igjen, og slapp ikkje inn eit einaste mål i 2. omgang.

Sjølv var ikkje Gunn heilt tilbake frå ankelskade, og var lagleiar saman med Aina Bjørke Kallestad.

Os sin tropp, dei nybakte noregsmeisterane: Britt Helen Hjelle, Helga Tveit, Turid Randa, Grethe Jørgensen, Wenche Lunde Lepsøy, Anne Kjersti Storebø, Marianne Nåmdal, Elisabeth Størksen, Mariann Lyssand og Jannecke Monsen.

25 år i toppen

Jenter 50-laget frå Os består av spelarar frå damelaget som på 90-talet spelte i øvste divisjon.

– Dei som var med i år er frå 52 til 57 år i alder, fortel Røen.

Os har gjort det skarpt i veteran-NM i handball fleire gongar. Keeper Britt Helen Hjelle, som heldt buret reint ein heil omgang, var med for 25. gong.

Mens tre osingar var del av herrelaget frå Norrøna som vann i 2015, har veterandamene frå Os tatt bronse i blant anna 2012 og 2015, og vore i fleire finalar.

– Å endeleg gå heilt til topps var utruleg deilig! synest både lagleiarar og spelarar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.