Lokal | 04. aug. 2015

Os stuper i kommune-NM

Os kommune fell ni plassar frå 2013 til 2014 i NHO sitt kommune-NM, men ligg framleis høgt på rangeringa.

Os stuper i kommune-NM
Os kommune fell i NHO sitt kommune-NM (Os rådhus, foto: KVB)
Andris Hamretysdag 04. aug. 2015 10:13

Rett før helga slapp NHO resultata frå deira analyser av kommune-Noreg i det dei kallar kommune-NM.

– Vi rangerar kommunane etter attraktivitet og lokal vekstkraft basert på tilhøve ved næringsliv, arbeidsmarked, demografi, kompetanse, og kommunal økonomi, skriv NHO i presentasjonen av kommune-NM.

Best i landet er Sola etterfulgd av Bærum, Stavanger, Oslo og Austevoll. For 2014 kåringa endar Os på 56. plass.

Os har med det ramla 17 plassar sidan målingane starta i 2009 då Os låg på 39. plass av dei 428 kommunane i landet. Etter det har det gått jamnt og trutt nedover for Os, med plasseringane 43, 40, 43, 47 og 56.

7. plass i fylket

Austevoll er den kommunen i Hordaland som kjem best ut i kåringa og blir fylkesvinnar. På plassene bak følgjer Bergen, Fjell, Stord, Meland, Lindås før ein finn Os på 7. plass i fylket.

Til grunn for plasseringa ligg ei rekkje kriterier kor NHO rangerarar kommunane og regionane sin attraktivitet og vekstkraft basert på 22 indikatorar. Talgrunnlaget er i hovudsak frå 2014. Indikatorane er delt inn i fem forskjellige område.

Slik skårar Os i dei fem områda:

Næringsliv: Vekstkraften i privat næringsliv blir reflektert gjennom indikatorar for verdiskaping, nyetableringar og sysselsetting. Sterk privat kjøpekraft er også ein positiv drivkraft for næringslivet.
Os 82. plass i landet, 9. plass i fylket

Arbeidsmarknaden: Høg deltaking i arbeidslivet er ein viktig drivkraft for vekst og verdiskaping. Når ein stor andel av den yrkesaktive befolkninga mottek permanente stønader som uføretrygd, vil dette indikera lav ressursutnytting. Høg grad av utveksling av arbeidskraft på tvers av kommunegrenser indikerar fleksible arbeidsmarknader.
Os 212. plass i landet, 26. plass i fylket

Demografi: Kommunar med befolkningsvekst vil vera betre skodd for framtida enn kommunar med fråflytting og ein stor andel eldre. Dagens befolkningssamanseting og flyttemønster er med på å legga grunnlaget for framtidas aldersfordeling.
Os 26. plass i landet, 4. plass i fylket

Kompetanse: Kompetanse, både i form av faglærte og høgre utdanning, er viktige faktorar for kvaliteten i det kommunale tjenestetilbodet og for næringslivets konkurranseevne.
Os 137. plass i landet, 8. plass i fylket

Kommunal Økonomi: Låge kommunale administrasjonsutgifter, høge inntekter i høve til utgifter og høgt nivå på arbeidskapital er indikasjonar på effektiv drift og god økonomistyring. Vidare vil kommunal eigedomsskatt på næringseigedom kunne virka negativt på næringslivet si konkurranseevne. Kjøp av private tenester bidreg til å styrka privat næringsutvikling.
Os 14. plass i landet, 4. plass i fylket

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.