Os sa ja
Først sa Fusa ja. Ein halvtime seinare sa Os det same. Dermed er det historiske vedtaket om Bjørnafjorden kommune fatta.
Etter omlag halvannan time debatt i kommunestyret fall politikarane ned på det same som kollegaene i Fusa.
«Os kommunestyre godkjenner at Os kommune slår seg saman med Fusa kommune til Bjørnefjorden kommune. Den nye Bjørnefjorden kommune vil verte etablert frå 1. januar 2020.»
Men vedtaket var ikkje samrøystes. Emil Tetlie Brimsholm (H) og Leiv Gunnar Heggland (Frp) gjekk på talerstolen og tala for at dei var satt til å ivarta osingane sin interesser og at dei meinte Os sto best aleine.
– Eg vil takka for god og framtidsretta debatt. Vil understreke at sjølv om vi har brukt mykje tid og ressursar på det i våren. Det er først no det store arbeidet startar. Gode samarbeidet med politisk, administrasjon og tillitsvalde. Håper på eit like godt samarbeid med våre gode kollegare i Fusa, oppsummerte ordførar Terje Søviknes.
Midtsiden kjem tilbake med meir av debatten