Os på svømmetoppen
109 barnehagebarn skal få svømmeopplæring. – Os er blant dei kommunane som har søkt om støtte for flest barn, fortel Ingunn Landro Sandset hos fylkesmannen.
Regjeringa har i statsbudsjettet løyvd kr 25 290 000 til symjeopplæring i til barnehagar i 2016. av dette har Fylkesmannen i Hordaland fått tildelt kr 2 239 500 som skal nyttast til formålet, kor målgruppa er barn i alderen 4-6 år i barnehage.
- Tre er for lite
I formannskapet førre veke spurde Laila Marie Reiertsen (FrP) om det var mange som hadde søkt i Os.
– I fjor var det ingen som søkte frå Os. Eg trur det er tre barnehagar som har søkt frå Os i år. Av 17 er tre alt for lite. Os er ei strandkommune, det er viktig at barna lærer å svømme. Når vi får slike midler må vi snu oss rundt og agera, meinte Reiertsen
Rådmann Christian Fotland stadfesta at det var tre som hadde søkt.
– Det er Borgafjell, Espira og Flåten med henhaldsvis 43, 46 og 20 born. Eg veit ikkje kvifor det ikkje er søkt for fleire, svara rådmannen.
– Os, blant dei beste
Hos Fylkesmannen i Hordaland sit seniorrådgjevar Ingunn Landro Sandset i disse dagar og handsamar søknadane om støtte.
– Vi har fått inn søknader for mykje meir enn det vi har pengar til. Totalt har det kome inn søknader for 1957 barn fordelt på 970 i private barnehagar og 987 i kommunale.
– 109 barn i Os er ganske mange. Det er mykje meir enn dei fleste andre, fortel Sandset.
Får 100 000 kroner
Bergen er i ei særstilling med søknad for 1000 barn, bak der kjem Fjell, som i samarbeid med Vestkantsvømmerne har søkt for 250 barn, Askøy med 130 og Os med 109.
– Det vil koma ei utbetaling til Os på over 100 000 kroner. Med så mange søknader som vi har fått inn, vil vi ikkje kunne betala fullt ut for alle det er søkt om. Det er ein sats på 1500 kroner per barn bestemt av utdanningsdirektoratet, men om ein har plass og moglegheit, står ein fritt til å ta med fleire enn det ein har søkt for, seier Sandset.