Lokal | 09. okt. 2013

Os på 351. plass

Berre 36 av 426 kommuner får godkjent av Forbrukerrådet. Os hamnar på 351. plass med 50 av 100 moglege poeng.

Os på 351. plass
Os Rådhus (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 09. okt. 2013 11:27

Forburkerrådet har testa service, tilgjenge og informasjonskvaliteten hjå dei 426 kommunene i Noreg. Berre 36 av kommunane får godkjent i forbrukerrådet sin test.

– Vi har kontakta kommunane med spørsmål folk flest lurar på, som prisspørsmål om SFO, sakshandsamingstid for byggjesaker og opningstider i symjehall, seier Randi Flesland, direktør i Forbrukerrådet i ei pressemelding.

Forbrukerrådet har kontakta kommunane og utgitt seg å vera privatpersonar. Henvendelsane har gått føre seg på telefon, e-post og via kommunane sine heimesider.

– Ein vekkjar

Ordførar Terje Søviknes (Frp) er ikkje nøgd med resultata, men undrar seg samstundes over nokre av detaljane i undersøkinga.

– Vi er ei veldig resultatorientert kommune, så det er klart at undersøkinga er ein vekkjer for oss.

– Vi ønskjer å vera fokuserte på kundehandsaming og informasjonsflyten, mellomanna med å gjera enno fleire kommunale skjema enklare tilgjengeleg på heimesida.

– No har ikkje eg studert undersøkinga i detalj, men eg undar eg jo litt over nokre av resultata på nokre av underområda, mellomanna på byggjesak og informasjonstenester. Desse slår jo kraftig ut på totalen, analyserar Søviknes.

– Eg håpar jo at den låge scoren på byggjesak skuldast at vi har fokus på å handsame sakene raskt og effektivt, og ikkje bruka mykje tid på å svara på fiktive spørsmål.

Resultatet for Os kommune

Forbrukerrådet har undersøkt 6 sektorar, med 16 underkategoriar. Kvar kommune har fått 19 henvendingar. Kvart spørsmål har fått poeng frå 0 til 100 poeng, kor 100 er best. Tala er vekta på gjennomsnitt på detaljnivået.

Totalt: 50

Barnehagar & Skule: 53
- barnehagar: 100
– SFO: 33
- Skule: ikkje målt

Tekniske tenester: 15
– Byggjesak: 15
– Vann, avlaup og renovasjon: ikkje målt
– Energi: ikkje målt

Sosiale tenester: 77
– økonomisk rådgjeving: ikkje målt
– Rådgjeving: 55
– Barnevern: 100

Pleie og omsorg: 53
– Heimetenester: 37
– Sjukeheim: 83

Helse: ikkje målt

Fritid og kultur: 65
– Kultur: ikkje målt
– Idrett: 65

Informasjonstenester: 0
– Faktaopplysningar: 0
- Kontakt informasjon: ikkje målt

Sjå alle resultata her (ekstern lenke)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.