Os kyrkje utsett for hærverk
– Vi har aldri vore ute for liknande, seier kyrkjeverje Gerhard Hansen.
Tysdag kveld fekk Midtsiden tips om noko som likna tagging av Os kyrkje. Vitnet hadde sett hærverket i 14-tida på dagen.
På den nordre veggen, langveggen mot grusbanen, er det skrive 7-8 store bokstavar med raud skrift.
Kyrkjeverje Gerhard Hansen seier han oppdaga hærverket først i går kveld.
– Eg observerte det då eg var ute og gjekk tur. Os kyrkje har aldri, som eg hugsar, vore utsett for liknande, seier Hansen.
«Gud er fri»?
Det første ordet som er skrive inn er lett å tolka, der står det «Gud». Resten er vanskelegare.
– Eg tolkar det som at det skal stå «Gud er fri». Men uavhengig av bodskap er dette noko vi ikkje har sans for.
– Vi vil no få hjelp til anten å fjerna dette eller mala over det.
Håper på tips
Hos politiet hadde dei ikkje høyrd om hærverket i dag tidleg, men Hansen seier hærverket vil bli meldt.
Han reknar med at politiet vil vera interessert i tips i saka.
– Dette er på éin måte ei lita sak, men symbolsk er den større. Hærverk på ein bygning som kyrkja, anten du er einig eller ueinig i innhaldet, synest eg er alvorleg.
– At kyrkja ikkje har vore utsett for liknande tidlegare ser eg på som at dette er ein offentleg bygning osingane vil ta vare på.
Om Os kyrkje
• Os kyrkje er bygd i 1870.
• Kyrkja er den tredje på same stad. Den første var truleg bygd i 1306 og var truleg ei stavkyrkje.
• Den andre kyrkja var ei tømmerkyrkje frå 1624.
Sist Os kyrkje var malt var i 2005.
– Planen vår er at den skal malast og få noko anna vedlikehald til kyrkja sitt 150-årsjubileum i 2020, seier Gerhard Hansen.
(Nore Neset kyrkje blei bygd i år 2000.)