Lokal | 15. juli 2016

Os-keeper opplevde tragedien i Nice

Andrew Todd sat på uterestaurant i Nice under massakren torsdag kveld. – Folk kom springande mot oss og ropte «bombe», så høyrde vi skyting, fortel Andrew.

Os-keeper opplevde tragedien i Nice
Andrew Todd (t.h.) og kameraten Stefan Wingo på stranda i Nice dagen før massakren. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 15. juli 2016 12:41

Bildeserie:

Raskaste rute frå Baltazar til hotellet Andrew budde på. (Google Maps)
Raskaste rute frå Baltazar til hotellet Andrew budde på. (Google Maps)
No ser Andrew fram til å koma tilbake til Bergen og Os. (Foto: KVB)
No ser Andrew fram til å koma tilbake til Bergen og Os. (Foto: KVB)
1 av 2

Amerikanske Andrew Todd, som studerer i Bergen og kom til Os Fotball som keeper i fjor sommar, har brukt fotball-ferien til å reisa rundt i Europa.

Turen starta i Sveits 4. juli og gjekk vidare til italienske Milano før ankomst Frankrike og hamnebyen Nice tysdag 12. juli.

– Eg var i same gate, berre to kvartal unna der massakren skjedde, seier Andrew til Midtsiden.

Minst 84 blei drept av ein lastebl med skyttar som køyrde inn i ei folkemengde i Nice under nasjonaldagfeiringa i Frankrike.

Les òg: Brannsjefen i Os kom heim 11 timar før angrepet

– Folk kom springande mot oss. Så høyrde vi skot

Andrew reiser saman med kameraten Stefan Wingo. Dei to studerte saman i USA og Wingo tar no mastergrad i fornybar energi i Freiburg i Tyskland.

– Vi sat på ein restaurant som heiter Balthazar. Fyrverkeriet var nettopp ferdig då alle brått byrja å skrika og springa nedover hovudgata langs stranda.

– Nokre ropte «bombe», og så høyrde vi skyting. Det var fullstendig kaos!

Andrew, som hadde reist seg opp for å sjå kva som var på gang, gjekk tilbake til bordet der kameraten sat og sa at dei burde springa tilbake til hotellet.

– Vi sprang mellom store folkemengder, blant folk som sprang for livet, nedover gata og kom oss i tryggleik på hotellet.

Todd og Wingo bur på hotellet Boscolo Exedra Nice.

Takksam og i sorg

Andrew fortel om ein by og eit folk i sjokk og sorg i Nice i dag.

– Det er stille i gatene og folk er prega, fleire ser skremt og redd ut. Det ser ut som om turistane prøver å ha litt ferie, samtidig som alle er i sorg og sørger saman med pårørande.

I dag takkar Andrew venar og familie som har spurd om det står bra til med han:

«Everyone that has reached out to me seeing if I'm ok should know I love them and I really appreciate them checking up on me. I am still in Nice and was on the same street as the event but luckily I got out of there safely! Time to head back to safe and quiet Norway!»

Andrew er framleis i Nice og flyr heim til Bergen søndag 17. juli. Os startar haustsesongen borte mot Austevoll laurdag 6. august.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.