Os kan ikkje rykka opp i år
Ny seriestruktur blei vedtatt laurdag. Det betyr tøffe tak for både Os og Lysekloster.
Den store snakkisen før årets forbundsting i år var forslaget om ny seriestruktur for menn.
For å redusera talet på nedrykk frå OBOS-ligaen (1. divisjon) og spissa PostNord-ligaen (2. divisjon) kom det forslag om å redusera frå fire til to avdelingar i PostNord-ligaen.
Forslaget blei vedtatt med 127 mot 55 stemmer og får verknad i 2016 sånn at ny struktur er på plass allereie i 2017.
Det blir 16 lag i Tippeligaen, 16 lag i OBOS-ligaen, to avdelingar med 14 lag kvar i PostNord-ligaen, 6 avdelingar med 14 lag i 3. divisjon og 18 avdelingar i 4. divisjon.
Dette betyr at Lysekloster må koma på 7. plass eller betre for å unngå nedrykk i sin første sesong i 2. divisjon.
Os kan gløyma opprykk - det er nemleg ingen lag i 3. divisjon som rykker opp i år.
Os må i tillegg klara 4. plass eller betre for å unngå nedrykk til 4. divisjon.
– Kan vera positivt
Både hos Lysekloster og Os Fotball blir vedtaket tatt med fatning.
– Anten er vi god nok eller så er vi det ikkje. Forslaget er godt, mange unngår høge reiseutgifter og nivået på 3. divison blir heva, seier Lysekloster-trenar Thomas Sandal.
Os hadde ambisjonar om opprykk til 2. divisjon i år. Sist dei rykte opp var i 2009, nedrykket kom i 2010.
– Det er klart at dette kan bli oppfatta negativt blant lag som har ambisjonar om opprykk, slik vi har, men eg trur dette passar Os godt, seier assistentrenar for Os, Ørjan Håland.
– Å sikta seg inn på opprykk kan vera motiverande for både klubb og spelarar, men vi bør no ha ein minst like stor motivasjonsfaktor. No får dei yngste A-lagsspelarane våre, og alle ungdomane rett bak, endå eit år på seg. Samtidig er det viktig å kjempa om å koma i toppen, at vi klarer topp 4.
– Klarer vi målet, å enda i toppen i år, så vil vi vera veldig godt rusta for opprykk i 2017, med endå betre drilla lag og endå sterkare ungdomar, meiner Håland.
– Det har skjedd så mykje innan utvikling av spelestil og spelarar i klubben dei siste åra, og vi ser resultata koma i stadig større fart, at eg trur at vi kan gå mot ei ny storhetstid på Kuventræ. Eg trur den nye seriestrukturen kan bli ein fordel, ikkje eit hinder, med det som gror i Os Fotball no for tida.
Les meir om vedtaket på fotball.no.