Os J16 kvalifiserte seg til Bring-serien
I Lillehammer fighta dei seg til ny runde, i dag vann dei 2 av 3 kampar i Haugesund.
Os jenter 16, som nyleg kvalifiserte seg til 1. divisjon etter siger i 3 av 4 lokale kampar, har i helga kjempa i andre kvalifiseringsrunde til årets Bring-serie.
– I første kvalifiseringsrunde fekk vi ein tøff start. Jentene hadde stått tidleg opp og reist langt, og tapte begge kampane første dag. Dagen etter snakka vi litt om det å setja seg skuffa på flyet, noko ingen var interesserte i, og noko som skapte den rette tenninga hos jentene, fortel Mia Torp Nielsen.
Os vann den siste kampen i første kvalifiseringsrunde, noko som førte dei vidare til nytt forsøk i andre Bring-kvalik. Den gjekk av stabelen i Steinsvik Arena nær Haugesund i helga.
Vann «2. plass-finale» søndag morgon
Laurdag blei det siger over Haugar og ein uventa jamn kamp mot Bergen Håndballklubb (BHK).
– Eg ser på BHK som eit av dei aller beste laga i vår region, og hadde ikkje rekna med siger. Det blei ikkje siger heller, men vi låg berre eitt mål bak då det sto tre minutt igjen.
Kampen mot Haugar låg Os ei stund 7 mål bak, men henta seg inn igjen og vann med 3 mål.
– I dag var det 2. plassfinale mot Ålgård, som òg sto med éin siger og eitt tap etter i går. Vinnaren var kvalifisert til Bring.
Os leia heile, eller det meste, av kampen, og vann til slutt med 4 mål.
– Dette gir jentene god matching gjennom vinteren! Det er òg veldig positivt at vi kvalifiserte oss til 1. divisjon, sånn at nivåforskjellen ikkje blir for stor mellom Bring og lokal serie, seier Mia, stolt over jentene sine etter ei god helg på Haugalandet.