Lokal | 29. feb. 2020

Os Idrettspark må ferdigstillast

Lesarinnlegg: Terje Søviknes (Frp) meiner det er midlar til både kampsportlokale, klatrevegg og turngrop.

Os Idrettspark må ferdigstillast
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 29. feb. 2020 10:05

I samband med budsjettvedtaket for 2019 i Os kommunestyre gjekk fleirtalet FrP, H og V inn for å ferdigstilla den nye dobbelthallen i Os Idrettspark.

Basert på ein kalkyle på 8,7 mill kr frå administrasjonen ynskte vi å få innreia ledige areal i 2.etasje til kampsport, utleigeareal, kontor og spiserom til dei tilsette. I tillegg skulle det etablerast turngrop og klatrevegg i eine hjørnet av dobbelthallen.

Då tilboda i anbodskonkurransen vart opna, blei det klart at kostnaden var nærare 15 millionar kroner. Etter det har diverre prosjektet stoppa opp.

Dette er sjølvsagt utfordrande både for dei tilsette i Os Idrettspark og for utøvarane innan turn-, kampsport og klatremiljøet i kommunen. Desse tilleggsareala er viktige arenaer for fleire mindre individuelle idrettar, og FrP meiner vi har eit klårt ansvar for å legga til rette også for desse idrettsgreinene i kommunen. Elles er det ofte dei store lagidrettane, fotball og handball, som vert prioritert.

Saka stod på sakskartet til sist møte i Bjørnafjorden kommunestyre, men blei utsett pga tidsnaud.

I tilrådinga la administrasjonen opp til at ein i første omgang berre skal innreia areal til kontor og spiserom. Dei øvrige areala ville ein komma attende til etter nærare utgreiingar. Her skal ein og vurdera varmepumpe og solcellepanel som relevante energitiltak i anlegget.

FrP meiner det no hastar med å få ferdigstilt heile anlegget, også kampsportromma, turngropa og klatreveggen. Dersom det er politisk vilje i det nye kommunestyret er det rom for dette økonomisk.

Frå 2019 har ein framleis 6,7 mill kr avsett til føremålet, og i budsjettet for Bjørnafjorden kommune 2020-2023 er det sett av ein årleg investeringspost på 3 mill kr til idrettsanlegg. I tillegg vil kommunen dei kommande åra få refusjon av tippemidlar knytt til dobbelhallen.

Om ynskjeleg kan òg kommunestyret løyva deler av fjorårets rekordoverskot i Os kommune til føremålet.

I kommunestyremøtet 18. mars vil FrP derfor utfordra dei andre partia til å setja av ei ny investeringsramme for ferdigstilling av heile dobbelthallen i Os Idrettspark. Slik kan også mindre idrettar som kamsporten, turn og klatring få betre treningstilhøve. Utøvarane i desse idrettane har venta lenge nok no!

Terje Søviknes
Gruppeleiar
Bjørnafjorden FrP

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.