Lokal | 23. apr. 2016
Os i dag
Vinteren heng litt igjen i Os i år.
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 23. apr. 2016 11:44
Etter ei veke med kald vind landa det snø i låglandet i Os natt til laurdag og laurdag formiddag.
Dei lokale fjella Møsnuken og Borgafjellet er snødekte, det er óg fleire hustak og bilar.
Det ser heller ikkje ut til at dette er det siste vi ser til vinteren for denne gong.
Sol og kuldegradar
Med unntak av litt gråvêr i ettermiddag er det meldt samanhengande lettskya frå laurdag formiddag til måndag formiddag.
Men natt til søndag er det venta temperaturar på rett under frysepunktet.
Også mot slutten av neste veke kan det bli nattefrost.
Måndag ettermiddag skal bli litt grå, tysdag er det venta sol og 9-10 gradar.