Os Fotball med ny status
Kvalitetsklubb med fin feiring på Kuventræ.
Os Fotball har, som 25. klubb av rundt 200 i Hordland fotballkrets, fått status som Kvalitetsklubb.
Avdelinga av Os Turnforening inviterte medlemmar på grilling i strålande sol, og fekk godt besøk i ettermiddag.
Dagleg leiar i NFF Hordaland, Knut Berge, og styreleiar Tore-Christian Gjelsvik, kom til Kuventræ med diplom.
– Fleire av dei store klubbane i kretsen har gjennomført. Os er første i Bjørnafjorden kommune, og dei framstår som ein robust klubb med godt verdigrunnlag
– Nore Neset er blant dei 12 som held på å kvalifisera seg, fortel Berge og Gjelsvik.
– Per i dag er rundt 40 prosent av medlemmane våre organisert i Kvalitetsklubb - når dei neste 12 er inne er vi oppe i 60 prosent.
Sett i system
– Det gjekk unna, hadde det ikkje vore for korona hadde vi hatt dette klart før sommaren. Eg trur vi har sett verdsrekord i Noreg, seier ein lattermild styreleiar i Os Fotball, Leiv Gunnar Heggland.
Han og dagleg leiar Endre Brenne takkar styremedlem Marita Arentzen for jobben med å skaffa klubben kvalitetsstempelet.
– Eg var heldig, det meste var på stell. Men det var ein del jobb med å setja det i system og senda inn dokumentasjon. Frå presisering av enkelte punkt i sportsplanen til utarbeiding av klubbhandbok, seier Marita.
Mykje av målet med å få klubba inn i kvalitetskategorien handlar om dokumentasjon - at neste person med verv enkelt skal kunna ta over.
– Akkurat dette har nok vore det største problemet i mange klubbar. Enkeltpersonar har gjort uvurderleg innsats, men den dagen dei har gitt seg har det vore vanskeleg for andre å ta over, seier veteran og tidlegare Brann-keeper Vidar Bahus.
Han fekk ein prat med tidlegare klassekamerat gjennom barneskule og ungdomsskule, ordførar Trine Lindborg (Ap), som òg var blant gjestane.
– Eg er glad for arbeidt som blir gjort ute i idrettslaga, og for at dei sørgjer for kvalitetsløft som dette. Det er nok til inspirasjon for andre, seier Lindborg.
- Les meir om Kvalitetsklubb på fotball.no
Bildeserien under er synleg for pålogga abonnentar: