Os fekk ein vekkar
Christer Olsen var i støtet og skåra to mål, men Os fekk likevel bank av Fana.
Laurdag spelte Os treningskamp mot 2. divisjonsklubben Fana i Vestlandshallen.
Os venta sterk motstand, og stilte utan kaptein Stian Lunde, men leverte ifølgje trenar Tore Nielsen langt ifrå sitt beste.
Fana - Os 7-2 (5-1)
Målskårar, Os: Christer Olsen 2
– Vi kom oss i 2. omgang, men første halvdel av kampen må vi berre gløyma. Vi gjorde personlege feil eg ikkje har sett i Os før og gav vekk fleire mål, seier Nielsen.
– Hovudfeilen var nok at vi spelte på for små marginar mot eit godt lag som sto høgt. Det blei brot på brot og Fana skåra på sjansane sine.
Olsen med to på rad
Fana leia 3-0 før Christer Olsen reduserte etter fint gjennomspel frå Erik Kanestrøm.
I pausen blei det oppstramming og Olsen skåra til 5-2 då han heada inn ein corner i 2. omgang.
– Med dei tabbane og feilvurderingane vi hadde så lyg resultatet litt. Fana var betre enn oss, men dei fekk litt for mykje gratis i starten på kampen.
– Men vi fekk smaka på høgt tempo og høgt press og får håpa vi kan ta med oss litt lærdom frå kampen.
Os sitt lag: Anders Kloven - Stian Bakke, Per Søgnen Merai, Tore Valvik, Glenn Krossøy - Torkel Hjertnes, Preben Borgen, Håkon Kvittingen, Egil Thuen - Erik Kanestrøm - Christer Olsen.
Innbytarar med speletid: Mads Lepsøe, John Ole Johannessen, Børge Borgen og Tor Erik Berge
– Christer, Erik og Mads var gode. Det var kjekt å sjå Christer i 90 minutt, Erik leverer alltid og Mads er verkeleg på full fart tilbake, meiner Nielsen.
Os skal etter planen spela treningskamp mot Lyngbø på onsdag, men is og vanskelege baneforhold kan setja ein stoppar for kampen.