Os dominerte i Vestlandscupen
Tre gull, tre sølv og to bronse var medaljefangsten til dei åtte eldste i Os Karateklubb. Dei yngre, som ikkje får plassering, vann dei fleste av sine kampar.
- Me har hatt ein god start på året. For få veker sidan var me ein gjeng som deltok på landslagssamling i Oslo, og der lærte dei mykje.
– Benjamin Askvik Midtbø (13) vann då Østlandscupen like dominerande som han gjer på Vestlandet, fortel trenaren Cato Bruarøy.
Gull - som vanleg
Armin Palilamovic (17) vann som vanleg gull i juniorklassen for herrar, og Benjamin Askvik Midtbø vann gutar klasse 12-13 år.
Sondre Kvamsdal (14) kom til nok ein finale, og tok sølv bak treningskamerat og Vestlandsmeister Jacob Hagen (15) frå «søsterklubben» på Voss.
Tobias Hagen Røttingen (15) fighta også godt, men var denne gongen noko hardhendt, og mista ein del poeng på for hard kontakt.
Dobbelt Os i jenteklassane
Jentene var også gode. Tiril Haaland (17) vann juniorklassen for kvinner. Den var slått saman med jenter klasse 14-15 år, og i finalen møtte ho klubbvenninna Malene Askvik Midtbø som berre er 15 år.
- Eg er svært nøgd med dei tre gullvinnarane, dei er alle tre gullkandidatar i NM. Men også dei andre medaljevinnarane imponerte.
– Malene kom til sin første finale etter at ho skåra heile 14 poeng i semifinalen og viste kva talent ho har, seier Bruarøy.
Carmen Liliana Langbakk Bruarøy (12) kom til sin tredje finale på rad. Ho vann sølvmedalje i sitt første stemne i 12-13 årsklassen, der ho var yngst. I kata (teknikk) tok ho fjerdeplass.
Klubbvenninna Tuva Baggen (13) hadde også eit godt stemne med bronse både i kamp og i kata i 12-13 årsklassen.
Nye talent
I 8-10 årsklassen hadde Os berre med tre utøvarar. Mariell Askvik Midtbø (10) er like suveren som storebroren er i sin klasse, og ho vann begge kampane sine 8-0 etter mindre enn 40 sekund. Ho vann også begge katarundane sine.
Eivind Vevatne (10) var imponerande god. Også han vann sine tre kampar suverent, med 8-0 i siste kamp. Han hadde også gode kata.
Den einaste debutanten var Linn Kristin Vevatne. Ho vann første kampen sin, og viste god teknikk og topp innsats.
NM og Vestlandsmesterskap
Dei neste veken er det først Vestlandsmesterskap i Laksevåghallen i Bergen og så Norgesmesterskap i Bærum. I tillegg kjem dei beste til å reise på fleire internasjonale stemner.
- Eit stor mål er VM i vår karateform som er i Curacao i oktober. Men det er dyrt å reise til Karibien, så troppen blir liten. Me kjem difor til å delta på fleire andre større stemne i Europa, seier Cato Bruarøy.