Lokal | 11. feb. 2016

Os bør velja koding som valfag

Lesarinnlegg: Det er viktig at Os kommune søkjer om å få bli med på prøveprosjektet med programmering som valfag i ungdomsskulen.

Os bør velja koding som valfag
Stian Nyhus,&nbsp;<span style="line-height: 1.538em;">Regionsjef i NITO Vest&nbsp;</span><span style="line-height: 1.538em;">Os, ønskjer koding inn i Os-skulane. (Privat foto).</span>
Kari M. Lyssandtorsdag 11. feb. 2016 10:52

Koding vert valfag frå hausten. Regjeringa har sett av 15 millionar kroner til eit prøveprosjekt med programmering som valfag i ungdomsskulen. Over 30 kommunar kan bli med i prøveprosjektet. Her er det viktig at Os kommune søkjer om å få bli med.

Me i NITO – Norges ingeniør- og teknologiorganisasjon - har sidan 90-talet jobba for å få teknologi inn i skulen. Teknologi og design har kome inn som et tverrfagleg emne på alle trinn, litt seinare kom valfaget Teknologi i praksis på ungdomstrinnet.

Utfordringa har vore å fylla disse faga med godt innhald. Mange skuler har korkje lærarkompetanse, utstyr eller klasserom som høver. Læreplanen i Teknologi i praksis er uklår og undervising i faget er difor avhengig av lokal kompetanse.

Når regjeringa startar opp eit prøveprosjekt med koding som valfag er det eit steg i rett retning. Pirrar ein interessa for teknologifag er det eit godt utgangspunkt for at elevane kan læra matematikk.

I tillegg syner forsking at teknologifag kan bidra til redusert fråfall på vidaregåande skule. NITO ønskjer at alle elevar skal få høve til å ta del i dette og såg aller helst at alle kommunar fekk sjansen til å styrkja kompetansen i teknologi i skulen.

Eg vil oppmode Os kommune til å nytta høvet og fylla realfaga med praktisk innhald og jamvel bygga opp lærarkompetansen slik at skulen kan tilby undervising i realfag og teknologi. Målet må vera å syna elevane at realfaga er kreative og spanande, og at dette er fag å satsa vidare på.

Frist for å søkja om å vera med i prøveprosjektet er 1. mars.

Stian Nyhus
Regionsjef i NITO Vest
Os

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.