Os blir passkontor likevel
Fusa er blant dei 64 som blir lagt ned, Os er blant dei 77 nye pass- og id-kontora.
I 2017 innførte Os lensmannskontor timebestilling for dei som skal ha nytt pass. Kapasiteten er rundt 3500 pass i året, og målet var å nytta denne betre.
– Tidlegare kunne vi ha kø langt ut i gangen i høgsesongen. På tampen av dagen måtte vi gjerne senda folk heim med beskjed om å koma igjen ein annan dag, forklarte leiar for sivil avdeling ved Os lensmannskontor, Åsta Bakke-Mjelde.
I februar i år fortalde ho at innføring av timebestilling hadde effekt. Os lensmannskontor opplevde vekst i bestilling av pass utanom høgsesong.
Samtidig fortalde ho at 2018 truleg blei siste året vi kunne bestilla pass i Os.
– I løpet av 2018 skal det koma nye «pass-kioskar». Desse tilfredsstiller komande, strengare krav til tryggleik rundt bestilling av pass. Os ser førebels ikkje ut til å vera blant dei som får ein slik kiosk.
Legg ned 64 passkontor - men ikkje Os
– Det er for enkelt å skaffa seg pass på falskt grunnlag. Over 30.000 norske pass blei borte i fjor, og vi veit at desse kan brukast til alt frå svindel og trygdemisbruk, til organisert kriminalitet og terrorisme, seier justis-, beredskaps- og innvandringsminister Tor Mikkel Wara (FrP).
Dagens pass blir utdatert om få år. Dei nye passa skal innehalda biometriske data. Politidirektoratet har slått fast at det ikkje er forsvarleg å oppretthalda dagens mengde passkontor, av omsyn til å ivareta tilstrekkeleg kompetanse, kvalitet og tryggleik.
Det skal bli etablert 77 pass- og ID-kontor i Noreg. Os lensmannskontor, som skal flytta til komande nybygg på Moberg, er eitt av desse.
64 kontor som i dag sel pass skal leggast ned. Austevoll og Fusa er blant desse.
I distrikt Vest er det desse som blir lagt ned: Austevoll, Fusa, Gloppen, Høyanger, Kvam, Kvinnherad, Lærdal, Stryn, Vågsøy, Årdal, Askøy, Fjaler og Masfjorden.
Mens desse blir pass- og id-konto i Vest: Bergen, Eid, Flora, Førde og Naustdal, Hardanger, Nordhordland, Os, Sogndal, Sotra og Øygarden, Voss