Os aukar forspranget
Os vann på bortebane, Frigg tapte.
Os spelte i dag borte mot Lillestrøm 2.
Lillestrøm 2 låg på 9. plass før kampstart, men var berre 5 poeng med éin kamp mindre spelt enn laget 4. plass.
Kampen enda med 0-1-siger til Os etter skåring av toppskårar Daniel Kvalvågnes i 76. minutt.
Skåringa kom på retur på skot av Niklas Lunde Fosen.
– Det var ein ekkel kamp, dei jobba godt og kontra ein del på oss, men utover i kampen tok vi meir og meir over, seier Endre Brenne.
Frigg, som har éin kamp mindre spelt, tapte 2-4 heime for Gjelleråsen, som Os slo 4-3 heime førre helg.
Dermed har Os ei luke på 10 poeng ned til Frigg på 3. plass, og Frigg ligg eitt poeng framfor Gjelleråsen og Sandviken på 4. og 5. plass. Gjelleråsen og Sandviken har, som Os, spelt 16. serierundar.
Dette var Os sin 16. kamp og 13. utan tap.
Tre uavgjorte gjer derimot at Os må finna på å ha bygderival Lysekloster framfor seg.
Avstanden opp til serieleiar Lysekloster ser ut til å halda seg på 7 poeng. Lysekloster leiar i skrivande stund 1-0 heime over Lokomotiv Oslo.
Os sin neste kamp går heime mot tabelljumbo Gneist laurdag om ei veke.
- Tabell og terminliste på fotball.no