Sport | 22. aug. 2013

Os 2 fekk ein leksjon

Andrelaget til Os låg under 1-5 til pause. I 2. omgang kom fleire mål – og to raude kort.

Os 2 fekk ein leksjon
Stortalentet Bjarte Vik Larsen (t.v.) på Osterøy skåra heile åtte mål på Os 2 igår. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. aug. 2013 10:19

Os 2, som tapte første kamp etter ferien 2-0 for Nordhordland borte, spelte i går heime mot Osterøy.

– Vi hadde mange sjansar og fine sjansar, der vi spelte oss fram frå keeper og forsvar via midtbanen ut på kant og inn framfor mål.

– Men vi skåra ikkje på dei store sjansane, medan Osterøy og stortalentet Bjarte Vik Larsen, som åleine skåra åtte mål, var meir effektive, seier trenar Ørjan Håland.

Os 2 - Osterøy 11-3 (5-1)
Målskårarar, Os: Preben Borgen og Egil Thuen 2.

Starten på kampen var jamn, men Os 2 hamna under heile 0-5 før Preben Borgen, som hadde karantene i førre A-kamp, reduserte før pause.

Egil Thuen kom innpå i 2. omgang og skåra to, til 2-6 og 3-7.

– Osterøy var gode, vi fekk oss ein skikkeleg leksjon.

– Samtidig var mange av våre spelarar tunge i beina, men vi fekk til ein del. Den store målforskjellen er nok delvis mi skuld, og pusha gutane til å stå høgt, eg ville at dei skulle halda fram det fine angrepsspelet deira.

– Det klarte dei, men ikkje mange sjansar gjekk inn. Og så blei vi sårbare for Larsen på Osterøy, som var svært vanskeleg å stoppa, seier Håland.

Racic og Håland utvist

Etter kampen blei dommarane sitjande i 90 minutt og evaluera kampen.

– Det var ikkje dommarane sin feil at vi tapte, men eg synest han ofte var inkonsekvent. Det var ein del heilt like episodar, der vi fekk gule kort, men gjestane ikkje. Det reagerte eg på.

– Litt synd òg, når vi har ein del ute med skade, at vi får 5-6 gule kort på éin kamp.

I tillegg fekk Ramo Racic, som nettopp har kome tilbake etter skade, to gule på overtid, i same situasjon, og blei utvist. Trenar Ørjan Håland fekk direkte raudt kort.

– Dommaren la til seks minutt, utan at eg skjøner kvifor, då kampen allereie var avgjort.

– Ramo kom på løp på overtid, fekk ballen litt langt frå seg, og i frustrasjon spente han ballen i muren bak målet. Det fekk han gult kort for.

Då han i same frustrasjon ropte ut "dra til h..." fekk han nok eit gult kort.

– Eg ropte dommaren bort og ba om forståing for at Ramo ropte ut fordi han var frustrert, ikkje som ei oppmoding til dommaren. Det var nok til at eg fekk raudt kort, seier Håland, litt undra over kor laust gule og raude kort sat i lomma hans.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.