Kultur | 07. mai 2012

ORBO blei æresmedlem

Ordføraren heldt tale, Twang Gang spelte og bursdagsbarnet Ole Reinert Berg-Olsen blei heidra med eige stev og status som æresmedlem i De Musikalske Dvergene.

ORBO blei æresmedlem
Frode Alnæs er den einaste som frå før har fått stav og æresmedlemsskap i De Musikalske Dvergene. Fredag var det ORBO sin tur, her saman med dvergane Erling Hjertnes (t.v.) og Arne Grønhaug. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 07. mai 2012 14:08

Bildeserie:

Kari Kvæven med hjelparar lagde fest for sambuaren Ole Reinert. (Foto: KVB)
Kari Kvæven med hjelparar lagde fest for sambuaren Ole Reinert. (Foto: KVB)
Nabo Arne Mæland med ORBO-fans Inger Marie, Linda og Hanne. (Foto: KVB)
Nabo Arne Mæland med ORBO-fans Inger Marie, Linda og Hanne. (Foto: KVB)
Tidlegare ORBO-nabo, Tore Vågen, var tidleg i gang med vitsar. (Foto: KVB)
Tidlegare ORBO-nabo, Tore Vågen, var tidleg i gang med vitsar. (Foto: KVB)
Robert Smith Hald var blant gjestane. (Foto: KVB)
Robert Smith Hald var blant gjestane. (Foto: KVB)
Det var også Twang Gang, som tok nokre låtar. (Foto: KVB)
Det var også Twang Gang, som tok nokre låtar. (Foto: KVB)
Gjestar: Søviknes og kjærasten Linda Ellefsen Eide møttest under ein ORBO-konsert. (Foto: KVB)
Gjestar: Søviknes og kjærasten Linda Ellefsen Eide møttest under ein ORBO-konsert. (Foto: KVB)
Ein annan fan; Anders Fløysand frå Varde Media, som har laga fleire av musikkvideoane. (Foto: KVB)
Ein annan fan; Anders Fløysand frå Varde Media, som har laga fleire av musikkvideoane. (Foto: KVB)
Eric Jaskowiak (t.v.) kom frå USA for å vera med på festen. (Foto: KVB)
Eric Jaskowiak (t.v.) kom frå USA for å vera med på festen. (Foto: KVB)
Inge Villy Hauge frå Green Granadas leste stev skrive av Granada-vokalist Friddie Frantic. (Foto: KVB)
Inge Villy Hauge frå Green Granadas leste stev skrive av Granada-vokalist Friddie Frantic. (Foto: KVB)
Paul Inge, Stian, Ine, Ole og Reidar - alle longshottane var med på festen. (Foto: KVB)
Paul Inge, Stian, Ine, Ole og Reidar - alle longshottane var med på festen. (Foto: KVB)
1 av 10

Førstkomande laurdag feirer ORBO & The Longshots frontfiguren Ole Reinert Berg-Olsen sin 30-årsdag med konsert i Oseana.

På sjølve bursdagen, som var fredag 4. mai, heldt Ole privatfest for familie og venar, over 100 gjestar var samla til fest i Kløvertun.

Les òg: ORBO er 30 år

– Det var heilt fantastisk at så mange kunne koma og at alle var med på å gjera kvelden så fin, seier Berg-Olsen den yngre.

– Leverer og inpirerer

Ole fekk talar av både mor og far, men også av kunstnar og nabo Arne Mæland og ordførar i Os, Terje Søviknes.

– Du er ein som alltid leverer, ein som står for kvalitet, og det har du alltid gjort, sa Mæland.

– Einaste gong eg har vore skuffa over deg var då du røpte at du hadde ein idé om ein practical joke med meg, du lurte på å flytta alle skulpturane eg har i hagen over i din hage.

– Det ville blitt ein veldig god spøk, du skulle gjennomført den, i staden for å røpa den, lo Arne.

Søviknes fortalte om den ambisiøse 20-åringen som kom til Os og fortalte om musikarplanane sine, og om det å sjå ei karriere veksa fram.

– Eg vil takka for det gode samarbeidet vi har hatt, for alt du har stilt opp på i Os og for at du har vore til stor inspirasjon for mange av oss, inkludert meg, sa ordføraren.

Raus

Blant gjestane var fleire musikarar, frå Robert Smith Hald og produsent Eric Jaskowiak frå USA til Twang Gang, delar av Green Granadas og De Musikalske Dvergene.

Dvergene hadde med seg ein stav som symbol på at Ole no er æresmedlem i De Musikalske Dvergene, den første etter Frode Alnæs, som fekk stav til sin 50-årsdag.

Inge Villy Hauge (Killy Kat) frå Green Granadas hadde med seg eit stev skrive til ORBO av Granadas-vokalist Freddie Frantic (Odd-Erik Lothe).

– Medan du har satsa og fått det til er vi andre småbarnsfordeldre med vanlege jobbar ved sidan av. Vi vil takka deg for at du ikkje berre er interessert i eiga karriere, men oppriktig interessert i musikk og andre musikarar, du er til støtte og hjelp for andre, du er raus, sa Hauge, før han las stevet som følgjer under:

"Eg drøymde"

Eg drøymde eg var ei stjerne med flagrande gevantar
i midten av strålande longshotsmusikantar
ein som alltid leverte og alltid presterte
ein som engasjerte, ein som aldri fallerte

Eg drøymde eg var ei stjerne med ein kvit Gretsch i henda
med grådige fingrar som forførte og benda’
som pumpa ut riff i Os eller Nashvill
ein foss full av tonar, heftig og vill

Eg drøymde eg var ei stjerne som torde å gjere
alt alle tankar og drumar kan bære
ein som tok sats og torde å sveve
ein som virkelig lot viljen sin leve

Eg drøymde eg var ei stjerne som kasta lys vidt omrking meg
ein som var raus, og gav gåvene sine frå seg
ein som var så stor at han gjorde andre større
som og lot andre sine draumar få lov til å tørre

Men så vakna eg av draumen, til ein regndag blant mange
med taco til kvelden og ei skitbleie i fanget
draumen bles bort, men lever lengst inne
bak ei tom lommebok og ei viljesterk kvinne

Ole, eg ønskjer deg hjartelig til lukke
skulle ønske eg var med deg, eg skulle ha drukke
skål får ei stjerne som skin for oss alle
hels alle kjente, skål gamle skalle!

Odd-Erik, 4. mai 2012

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.