Optimismen rår
Vel 100 næringslivstoppar i Os var onsdag morgon samla til frukost med den kommunale toppleiinga. – Det rår ei positiv haldning i bygda om dagen, fortel ordføraren.
Ordførar Terje Søviknes (Frp) har gjort det til ein tradisjon å invitera næringslivet i bygda til frukost kvar vår for å gje ein status på ståa i kommunen og for å få tilbakemeldingar frå næringslivet.
– Det blei ein veldig vellukka seanse, med ein fantastisk frukost frå dei nye drivarane av restauranten på Oseana, fortel Søviknes.
Fantastisk respons
Søviknes gler seg over den fantastiske responsen kommunen fekk frå dei vel 100 påmeldte til seminaret i Vargasalen.
– Cato Zachrisen presenterte Lyseparken og "Liv på Øyro". Tor Inge Døsen fortalde om dei større infrastrukturprosjekta i bygda som går på skule, eldre, vatn- og kloakk med vidare og sjølv gav eg ein status på E-39.
– Eg opplevde ei ekstrem positiv respons frå salen.
– Både Lyseparken og sentrum blei veldig godt mottatt. Det rår ei positiv haldning om dagen.
Deltakarane fekk òg ei informasjon om den store utdanningsmessa for Bjørnefjordsregionen som blir arrangert til hausten.
– Der er det viktig at næringslivet melder seg på, avsluttar ordførar Terje Søviknes.