Sport | 15. feb. 2015

Opptur og nedtur i Nederland

Håpet om VM-medalje brast og Brynjar gløymte banneret på toget. Likevel koser osingane seg i Heerenveen.

Opptur og nedtur i Nederland
Kjell Arne Hjelle saman med Brynjar og Dag Øvstedal. Sverre innfelt. (Privat bilde/arkivbilde av Sverre, foto: Sander Hvammen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 15. feb. 2015 12:26

I helga har Sverre Lunde Pedersen gått VM i enkeltdistansar i Heerenveen.

Fleire osingar har reist til Nederland i håp om å sjå Sverre ta VM-medalje, blant dei er venegjengen Harald Askvik, Arne Hansen, Kjell Arne Hjelle og brørne Dag og Brynjar Øvstedal.

Sjå videointervju med Brynjar før avreise: Til Heerenveen med Jimmy sin lur

– Det blei dårlege resultat, men det har vore ei heilt sinnsjuk stemning her nede, melder Askvik.

4. plass på 10.000 meter

Osingen og Fana-løparen Sverre gjekk torsdag ein fantastisk 10.000 meter. Til det sto 400 meter igjen. Då glapp bronsen, som han såg ut til å ha sikra seg før siste runde.

– Hadde 10.000-meteren for første gong i historia slutta etter 9600 meter, så hadde vi hatt ein norsk medaljevinnar i dag, sa NRK sin kommentator Even Wetten då medaljane blei delt ut.

Sverre brente tydelegvis mykje krutt på den harde distansen og klarte ikkje å innfri på 1.500 meter fredag eller 5.000 meter laurdag.

Både fredag og laurdag blei det 11. plass på Lunde Pedersen.

Måtte laga ny banner

Brynjar med følge fekk den store luren med seg inn på tribunen, men det morosame banneret dei hadde laga overlevde ikkje heile reisa.

– Han gløymte det på toget første kvelden, røper Harald.

– Heldigvis har gutane kontaktar over alt, så vi fekk tak i alt vi trengte til å laga nytt.

At ikkje dei blei pallplass har ikkje øydelagt turen.

– Det har vore heitl fantastisk, å sjå skøyteløp i Nederland må berre opplevast, seier osingane før heimreise.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.