Opptur blei nedsnødd
Dei trudde det skulle bli ein tur i sol på skaresnø, i staden måtte dei kjempa seg opp Svinningen på dette føret – sjekk video!
– Vi hadde jo parkert ein bil på Midtsæter som sto klar til vi kom over vidda, ler Klas Færøvik fortvila.
Eldsjela frå Opptur Motbakkeklubb inviterte til ein «drømmeløpetur» opp Svinningen og over vidda til Midtsæterfjellet. Men snøen var ikkje så hard som Færøvik hadde håpa på.
Allereie etter to kilometer frå parkeringsplassen i Øvredal hadde Klas og dei fire treningskameratane snø til låret.
SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN
– Eg hadde trudd at vi med mildvêr og påfølgjande dagar med frost skulle få skare, som er flott å springa på. I staden trakka vi i snø som var tung og våt neds og laus og fersk øvst i laget.
– Vi lurte på å snu, men bestemte oss for å ta det som ei styrkeøkt opp til toppen for så å snu i staden for å løpa over vidda.
Storm og skodde
Saman med Andreas Søfteland, Geir Storetvedt Skaten, Stein Kjetil Hefte og Idar Bjelle kom Klas seg gjennom skogen med den djupe snøen opp til tregrensa.
– Det var så mykje snø at vi kjente ikkje terrenget heilt igjen. Men vi kom oss opp på kammen og der var det lettare å ta seg fram.
Gutane kom seg opp til toppen, men også turen ned igjen blei litt spennande.
– Vêret snudde og det kom skodde og mykje vind. Spora bles igjen og det blei veldig kaldt for oss som allereie var kliss våte.
– Men det blei aldri noko dramatikk, ned er ned og vi var jo fem stykker som heldt saman. Men det blei ikkje akkurat den idylliske turen eg inviterte til, seier Klas.
37 på fellestrening i ferien
Færøvik fortel om ein elles god treningsvinter med godt oppmøte på Opptur sine fellesøkter.
– Måndag er det Linken og onsdagane kjører vi intervall opp mot Svartavatnet i Lysefjorden. Eg trudde ikkje det skulle koma mange i forgårs, midt i vinterferien, men der tok eg feil.
37 menn og kvinner møtte fram for å tyna seg i eige tempo opp og ned til vatnet.
– Mange blir beten av basillen og opplever stor framgang. Men det er også ein del nye å sjå frå månad til månad. Interessa for å løpa i terrenget ser ut til å halda fram med å auka, seier Færøvik.