Opprør i strandsona
Samtlege ordførarar i Hordaland stiller seg bak krav om mjukare retningslinjer i strandsona.
Ordførarane i Os og Fjell, Terje Søviknes (Frp) og Lars Lie (H) fortel i dag om trerrpolitisk frustrasjon i kommunane i Hordaland. Årsaka er at dei opplever at fylkesmannen set lokaldemokratiske avgjerder til side og stoppar planar for bygging i strandsona.
- Vi har vakse opp i hundremetersbeltet og det er mykje å ta av, seier Lie til NRK.
- Stor aktivitet
Fylkesmann Sven Alsaker seier han forstår at dei som nærmast konsekvent seier ja til det som kjem inn av søknadar, føler seg hindra.
- Det er stor aktivitet i strandsona i fylket vårt, seier han.
Les òg:
Nei til kai ved naust
117 motsegner i Os
Planar om hotellbygging og båthamn er blant det som har blitt stoppa i Fjell. I Os har fylkesmannen kome med morsegn til 117 punkt i arealplanen, blant anna to naust i eit naustområde på Hatvik.
- Yttarlegare to naust i dette området ville ikkje hatt noko å seia for friluftslivet, men fylkesmannen viser til nasjonal klimapolitikk i si motsegn, fortvilar Søviknes.
No har alle dei 33 ordførarane i Hordaland samla seg om krav om oppmjuking av reglane.
Sjå video med intervju av dei to ordførarane på NRK.no