Kultur | 03. des. 2021

Oppgradert julestemning i Hamnevegen

– Vi syntest det var litt spinkelt.

Oppgradert julestemning i Hamnevegen
Både tre, bygg og brygger i Hamnevegen fekk i går tent mange ekstra pærer. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. des. 2021 08:55

Fredag for ei veke sidan blei dei nye vinterlysa i og rundt Os sentrum tente.

Dei inkluderer lys på Osbrua og lys på to av trea i Hamnevegen.

– Det blei fint i Hamnevegen òg, men vi syntest det var noko som mangla, seier Tore André Sagstad frå 7 Fjell Eienedomsservice.

Han snakkar på vegner av seg sjølv og eigar av Irisgården, som er ein av kundane.

Bildeserie:

Huseigar og montør syntest dette såg litt spinkelt ut. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Huseigar og montør syntest dette såg litt spinkelt ut. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Dei spleisa på litt lys til. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Dei spleisa på litt lys til. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Vêret hjelper på. Fredag morgon snødde det igjen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Vêret hjelper på. Fredag morgon snødde det igjen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Også ytst på brygga har det kome meir lys. (Foto: 7 Fjell Eiendomsservice)
Også ytst på brygga har det kome meir lys. (Foto: 7 Fjell Eiendomsservice)
Norden Maritim/Tore Lunde sin skulptur lyser opp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Norden Maritim/Tore Lunde sin skulptur lyser opp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det gjer også Berit Osmundsen sin flytande slede av ein seksæring. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det gjer også Berit Osmundsen sin flytande slede av ein seksæring. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Karakteristiske Irisgården får framheva særtrekka med ny lyslenke. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Karakteristiske Irisgården får framheva særtrekka med ny lyslenke. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Eventyrleg stemning utanfor Vinmonopolet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Eventyrleg stemning utanfor Vinmonopolet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 8

7 Fjell har stått for to veker med montering av Os Sentrumsforening sine nye lys, og brukte litt tid den tredje veka på å fylla på med meir.

– Det blei eit spleiselag mellom oss, Irisgården og leverandøren av lysa, fortel Sagstad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.