Lokal | 16. juni 2016

Oppdrettsutstyr sto i full fyr

Det var opne flammar og mykje røyk då noko plast tok fyr på Amundsneset torsdag formiddag.

Oppdrettsutstyr sto i full fyr
Noko av utstyret som brann på Amundsneset i dag. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 16. juni 2016 12:23

Torsdag klokka 11.20 fekk Os brannvesen melding om brann på Amundsneset på Sundøy.

– Det var opne flammar og mykje røyk, men det gjekk raskt å sløkka, fortel varabrannsjef Arne Monsen.

Brannen var på nordaustsida av neset, vis a vis Hargun-naustet. Det skal vera eit oppdrettsfirma som leiger plassen, og utstyret deira som hadde tatt fyr.

– Om brannen hadde fått utvikla seg kunne den spreidd seg til det tidlegare Garvik Sjøhus.

Kan ha vore elektrisk feil

Politiet er på staden og årsaka til brannen er førebels ikkje funnen.

Men det skal ha gått ein elektrisk leidning ved utstyret som brann.

Ein nabo skal og ha fortalt at jordfeilbrytaren hans ofte har slått seg ut i det siste.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.