Lokal | 09. sep. 2013

Opp 13, ned 9 prosent

Førehandsstemmene i Os: Bruarøy jublar, Søviknes er spent på plassen til Laila Reiertsen.

Opp 13, ned 9 prosent
Marie Bruarøy (H) og Terje Søviknes (Frp) på veg frå valvake på Solsiden til rådhuset måndag kveld. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 09. sep. 2013 22:19

Ordførar Terje Søviknes (Frp) og varaordførar Marie Lunde Bruarøy (H) hadde fått førehandsrøystene, som var rekordmange i år, før dei i kveld gjekk frå valvake på Solsiden til rådhuset.

Resultatet viser 1018 stemmer til Høgre og 719 til Frp, av 3069 førehandsstemmer.

Det betyr at Høgre har gått fram frå 20,8 prosent i Os i 2009 (førre stortingsval) til 33,1 prosent i år.

Frp går tilbake frå 32,3 i 2009 til 23,4 prosent - på førehandsstemmene.

– Vi er kjempenøgde! Sjølv om det er mange stemmer igjen å telja er dette ein fin peikepinn, seier Bruarøy.

– No er vi spente på plassen til Laila (Reiertsen), seier Søvknes.

– Valdagsmålinga seier 16 prosent til Frp, men om Erna-effekten har fått mange over frå Frp til Høgre i Hordaland så kan ho mista plassen sin.

Frp treng ifølgje Søviknes ein stad mellom 15 og 16 prosent i Hordaland for at den einaste osingen på Stortinget, Laila Marie Reiertsen, skal bli sitjande.

Her er resultatet av førehandsrøystinga i Os, der rekordmange 3069 stemte.
(Parti, stemmer, prosent og prosent ved valet i 2009)

Høgre 1017 33,1 prosent (20,8 % i 2009)
Fremskrittspartiet 71923,4 prosent (32,3 %)
Arbeiderpartiet 59319,3 prosent (26,2 %)
Kristleg Folkeparti 2006,5 prosent (5,8 %)
Venstre 1514,9 prosent (4,3 %)
Senterpartiet 1093,6 prosent (4,7 %)
Miljøpartiet De Grønne 1023,3 prosent (0,4 %)
Sosialistisk Venstreparti 923,0 prosent (3,4 %)
De kristne 24
Rødt 23
Piratpartiet 12
Pensjonistpartiet 8
Folkemakten 3
Demokratene 2
Norges Kommunistiske Parti 1
Kystpartiet 0

Blanke 7

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.