Opningscup og talar på Nore Neset
Både ordførar og fotballkrets stilte med gåve til idrettslaget.
I påsken i år blei graset rulla ut, i løpet av april var banen klar til bruk og i mai kom Trond Mohn inn med ei gåve på to millionar kroner.
– Denne rause gåva gjorde at vi òg kunne setja i gang med bygging av idrettshuset, fortel leiar i Nore Neset idrettslag, Egil Krukhaug.
Eit bygg mellom dei to ellevarbanane er reist. I løpet av 2018 skal det stå klart med tre garderobar, inkludert dommargarderobe, toalett til publikum, kontor og klubbhus.
I dag er 400 fotballspelarar frå 1. til 6. klasse i sving på opningscup. Klokka 12 var det pause i cupen og talar ved Krukhaug, ordførar Marie Lunde Bruarøy og styremedlem i Hordaland fotballkrets, Lars Fredriksen.
«Kan EG gjera meir for idrettslaget?»
Krukhaug takka Os kommune for tomta og pengestøtte, idrettskonsulent Tom Leonsen for god hjelp, fotballkretsen for pengestøtte via Mohn-fondet, andelskjøparar, private og firma.
– Eg er stolt over kva vi saman har fått til og audmjuk ovanfor den oppgåva vi har med å forvalta dette fine anlegget.
Bruarøy fortalde korleis området var då ho i 1997 gjekk ut av ungdomsskulen på Nore Neset; eit lite klubbhus og ein grusbane, og sa at ho er imponert over korleis området har utvikla seg dei siste 20 åra.
– Dette er både ein arena for organisert idrett og ein god og viktig samlingsplass for alle som bur her.
– Eg har inntrykk av at det er ei hard kjerne av frivillige som gjer ein formidabel innsats for idrettslaget. Når laget og anlegget veks aukar også arbeidsmengda. Mi oppfordring er at fleire sluttar seg til dugnaden, at alle spør seg sjølv «kan eg gjera meir for idrettslaget?».
Bane nummer 136
Etter at Bruarøy hadde erklært banen for opna fortalde Lars Fredriksen frå NFF Hordaland at den nye banen på Nore Neset er ellevarbane nummer 136 i fylket.
– Nore Neset er eit aktiv og veksande idrettslag med 24 barnelag, 16 av dei med gutar, 8 med jenter, 9 ungdomslag og 2 seniorlag.
Fredriksen og Bruarøy hadde med seg kvar sitt nett med ballar i gåve til vertskapen. Etter overrekking kunne cupen halda fram.