Sport | 22. apr. 2016

Opnar tur-O-sesongen

Laurdag opnar Os orienteringsklubb tur-orienteringsesongen med å invitera osingane til «Finn fram på Øyro» inkludert Skulptur-O, Labyrint-O og brikkeløp.

Opnar tur-O-sesongen
Varaordførar Marie Bruarøy (H) opna turorienteringssesongen i fjor. I år har orienteringsklubben utvida tilbodet, mellom anna gjennom eit samarbeid med Arne Mæland (Foto: Tommy Sævareid)
Andris Hamrefredag 22. apr. 2016 14:26

I april i fjor lanserte Os orienteringsklubb tur-orienteringsvarianten «Stoplejakt».

Laurdag klokka 14 inviterer dei turglade osingar til sesongstart med nye og utvida varianter av lågterskeltilbodet.

– Nytt i år er samarbeidet med kunstnaren Arne Mæland og «Skulptur-O»-løypa kor vi har tatt i bruk multimedia via smarttelefon. Ta med deg telefonen din, så hjelper vi deg i gang, reklamerer Tommy Sævareid, leiar i klubben.

Høyr Os-songen

Dei fleste postane på Osøyro er kobla til ein skulptur eller eit kulturminne. På postane kan du til dømes sjå ein film frå 1934 med toget som den gong køyrde på Osbanen eller høyra Songen til Os.

– Du kan òg finna fram til plassar du aldri har vore på Øyro eller vandra langs kyststien på ein ny måte.

På kyrkjeflaten riggar dei òg til ein labyrint med 17 orienteringspostar. Du får utlevert eit kart med ei løype på, så er det berre å sjå om du kjem deg gjennom labyrinten.

Antal poster i stolpejakta har klubben utvida frå 30 i fjor til 90 i år!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.