Opnar nærjordmorsenter
Kommunen betrar tilbodet til nybakte mødre og nyfødde. Opnar nærjordmorsenter i mars.
Onsdag i neste veke får tenesteutvalet orientering om at dei førebyggande helsetenestene i kommunen utvidar tilbodet sitt når dei 9. mars opnar nærjordmorsenter i dei gamle lokala til Os legesenter i rådhuset.
Les òg: Vil starta nærjordmorsenter
Senteret kjem som ei følgje av samhandlingsreforma kor meir av ansvaret for oppfølginga blir lagt ut i kommunehelsetenesta.
«Ansvarsfordelinga mellom den kommunale helse- og omsorgstenesta og spesialisthelsetenesta vert avklara gjennom samarbeidsavtalar mellom partane. I framtida vil det bli eit ytterligere fokus på kven som skal ha ansvar for kva. Dette omfatter spesielt barselomsorga til dei familiene der det ikkje er avdekka særskilte behov under svangerskapet eller oppstått komplikasjonar under fødsel som tilseier omsorg frå spesialisthelsetenesta.» heiter det i prosjektdirektivet for senteret.
Betre kvalitet
På Nærjordmorsenteret vil familien få tilbod om tett oppfølging og veiledning av ei lokal jordmorteneste på dagtid.
Tilbodet vil være individuelt tilpassa, med mellom anna observasjon av mor og barn, ammeveiledning, informasjon om barnestell og undersøking av rifter og sting. Barnet vil få vektkontroll, høyretest og nyføddscreening.
«Målet med prosjektet er å legge til rette for ei trygg familiebasert barselomsorg, med særskilt fokus på dei som kvalifiserer for tidleg heimreise. I tråd med nasjonal helsepolitisk målsetting om overføring av helsetenester frå spesialisthelsetenesta til kommunehelsetenesta vil kortare liggetid i barsel kunne føre til betre kvalitet på tenesta også for dei som treng å være innlagd i sjukehus. For kvinner og barn som kan ha meir av barseltida si heime vil ei lokal jordmorteneste kunne tilby kontinuitet i oppfølginga og med dette ei kvalitetsmessig betre teneste, særskilt i eit førebyggande perspektiv», skriv Marita Wallevik, leiar for førebyggande tenester i Os kommuen i orienteringa til tenesteutvalet.