Næringsliv | 27. feb. 2018

Opnar «minisenter» med tre butikkar

Snart kan du vandra tørrskodd gjennom det tidlegare DNB-lokalet.

Opnar «minisenter» med tre butikkar
Etter å ha fylt 2. og 3. etasje opnar det snart to butikkar på gateplan i Brugata. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 27. feb. 2018 13:25

Bildeserie:

Her blir einaste inngang i starten. (Foto: KVB)
Her blir einaste inngang i starten. (Foto: KVB)
Denne gangen skal, når det tredje lokalet er leigd ut, gå vidare til den gamle DNB-inngangen. (Foto: KVB)
Denne gangen skal, når det tredje lokalet er leigd ut, gå vidare til den gamle DNB-inngangen. (Foto: KVB)
Her kjem TiNi Barn. (Foto: KVB)
Her kjem TiNi Barn. (Foto: KVB)
Her kjem Strikkebutikken. (Foto: KVB)
Her kjem Strikkebutikken. (Foto: KVB)
1 av 4

I desember 2014 kjøpte brørne Knut-Jarle og Espen Aspenes, med selskapet Os Næringspark AS, to bygg med til saman 2222 kvadratmeter i Brugata i Os sentrum.

Bygga husa frå før, på gateplan, GH Interiør og DNB.

Parallelt med arbeidet med å ha skilja «gamlebanken» frå det større og nyare bygget der DNB heldt til, har huseigarane hatt totalrenovering i 2. og 3. etasje. Begge etasje er fylte med leigetakarar og det rundt 300 kvadratmeter store loftet i 4. etasje er ribba og klart for oppbygging.

På gateplan opna det i oktober ein kinarestaurant, men store delar av det som var kundemottak for DNB sto framleis ledig.

– På gateplan fann vi ut at vi, i staden for å sjå etter éin stor leigetakar, ville laga passasje gjennom etasjen og dela av i tre, mindre butikklokale. Som eit minisenter, seier Espen Aspenes.

To av tre er leigde ut

I går blei pappen tatt av vindauga, i månadsskiftet mars-april opnar det butikk i to av dei tre nye lokala på gateplan i Os sentrum.

– Her opnar barnekledebutikken TiNi Barn, i tillegg flyttar Strikkebutikken frå Oshjørnet til Brugata.

Begge skal ha plan om å opna i månadsskiftet mars-april. Lokala har kvar sine rulleportar og kan opna og stenga uavhengige av kvarandre.

– Dei to lokala er begge på rundt 100 kvadratmeter. Det tredje, som er i det som var DNB sitt inngangsparti, er på 67 kvadratmeter. Vi har interessent på dette lokalet òg, om vedkomande teiknar kontrakt blir det truleg opning til sommaren.

Gang langs glasfasaden

Førebels blir inngangen mellom bygningane, i den nye opninga med passasje mot elva. Når det tredje lokalet blir leigd ut og opna, kan du gå langs vindauga mellom to inngangar.

I bakkant og i bankhvelvet er det laga nye toalett, lager og felles spiserom.

– Også fasaden blir ny. Vi vil vidareføra det kvite frå veggen mot gamlebanken og GH rundt hjørnet, fortel Knut-Jarle.

– Vi vil òg få baldakiner over fortauet, ikkje så kraftige saker som i resten av sentrum, men noko meir diskré.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.