Opnar jazzkafé
Svein Atle Breistein, tilflytta musikar og musikklærar frå Bergen, har tatt initiativ til eit nytt tilbod i Oseana.
Svein Atle Breistein har vore frilansmusikar i rundt 30 år og underviser i saksofon og klarinett ved Bergen kulturskole.
For eit halvt år sidan flytta han til Halhjem i Os, og då tok han opp igjen praten med Oseana-leiinga, som ein gong "slengte ut" ein idé om å starta jazzkafé i kulturhuset.
– Eg har spelt i Oseana før, og Berit nemnte dette med jazzkafé til meg i forbifarten ein gong, fortel Breistein.
No er han kompetent eldsjel i det som skal bli eit nytt tilbod, rundt 10 laurdagar i året i Oseana.
Osjazz, støtte og publikum
Breistein vil driva jazzkafeen i samarbeid med Oseana og Oseana Kafé og Restaurant, i nyoppretta klubb, OsJazz.
– Vi vil søkja støtte hos Norsk Kulturråd så vi får litt midlar som kan fungera som garanti.
– Det kan koma 10 gjestar og det kan koma 50, det er ikkje lett å seia. Tilsvarande kafear i Bergen har gjerne 100 til 150 kvar veke, men dei har større nedslagsfelt og dei har bygd seg opp over tid.
Han håper både musikarar i Os og omland og andre som er glade i musikk, tar turen til jazzkafeen og er med på å laga eit fint miljø rundt det nye tilbodet.
Startar med Andersen i oktober
Første laurdag med jazzkafé er berre to veker unna, om ettermiddagen laurdag 12. oktober blir det rigga scene i restauranten.
– Vi er heldige og har fått Hans Marius Andersen Kvartett til å spela denne laurdagen.
Andersen, som fyller 19 år i år, har spelt trompet sidan han var 3 år og er no ein erfaren og kritikarrost trompetist og komponist.
Han har samarbeidd med artistar som Sissel Kyrkjebø, Ole Edvard Antonsen, Jerry Bergonzi, Tord Gustavsen, Øyvind "Elg" Elgenes og Mike Gallaher og vore solist med blant andre Bergen Filharmoniske Orkester, Kringkastningsorkesteret og Forsvarets musikkorps Vestlandet.
Som 15-åring sleppte Andersen si første plate, i august 2013 kom han og resten av kvartetten med albumet Embraceable You, som fekk terningkast 5 og fin kritikk i BT.