Lokal | 06. jan. 2016

Opnar ikkje opp innfartsparkeringa

Innføring av datokøyring kom brått på både kommune og samferdselsavdelinga i Hordaland.

Opnar ikkje opp innfartsparkeringa
Innfartsparkeringa ved Rema 1000 vert ikkje opna opp for kollektivreisande utan oblat i datokøyringsperioden i Bergen. (Arkivfoto: Andris Hamre)
Cathrin Valestrandonsdag 06. jan. 2016 13:48

Erlend Iversen i Hordaland fylkeskommune, som har ansvar for innfartsparkeringane, hadde heller ikkje teke stilling til bruk av innfartsparkeringane i samband med datokøyringa i Bergen.

– Det kom litt brått på dette, men vi har førebels ingen planar om å opna opp innfartsparkeringa på Os for andre enn dei som har oblat. Grunnen til dette er at der er avgrensa kapasitet, og vi ønskjer å prioritera dei faste reisande, seier Iversen.

Ikkje pendlarparkering

Teknisk sjef i Os kommune, Marianne Kramer, hadde eigentleg ikkje tenkt over at kommunen sine parkeringsbestemmelsar er i strengaste laget om folk følgjer oppmodinga frå Bergen kommune om å reisa kollektivt.

– Der er jo ei pendlerparkering ved Rema 1000, men der må ein vel ha sjudagerskort,månadskort eller meir for å stå. Langtidsplassane i sentrum er i utgangspunktet ikkje tenkt til pendlarparkering.

Fleksible ved kontroll

– Åtte-timarsparkeringane elles i sentrum er ikkje tilstrekkelege om ein jobbar fulltid og skal pendla til Bergen med buss. Korleis vil de handheva parkeringsreglane i sentrum desse dagane?

– Os kommune ber om at parkering i samband med bussreise til Bergen blir på langtidsplassane (8 timer) eller andre stader der det ikkje er tidsregulerte parkeringsplassar. Vi vil vera fleksible i forhold til kontroll av kor lenge folk har stått på åtte-timersplassane så lenge det er datokøyring i Bergen kommune.

Respekter korttidsplassane

Kramer ber folk om å vera nøye med at det er langtidsplassane som blir brukt som pendlarparkering desse dagane.

– Parkeringsplassane utanfor rådhuset og dei andre korttidsplassane i sentrum er først og fremst til bruk for besøkjande til Os sentrum. Vi oppmodar derfor alle om å respektera dette for å unngå ulemper for handelsstanden og kundane deira, avsluttar Kramer.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.