Opnar for fritak
E39 Svegatjørn-Rådal: Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget opnar for bompengefritak for bebuarar i Nordvik og på Søfteland.
E39 Svegatjørn - Rådal blei tysdag handsama i transport- og kommunikasjonskomiteen i Stortinget som gav si innstilling til Stortinget.
Komiteen ser svært positivt på ei realisering av prosjektet E39 Svegatjørn–Rådal i Hordaland. Prosjektet har vore etterlengta og er høgst påkrevd, heiter det innleiingsvis i komiteens i handsaming av saka.
Vidare merkar komiteen seg at bompengjeinnkrevinga skal starta opp først når vegen står ferdig.
– Dette er i tråd med lokalt initativ og vedtak, heiter det frå komiteen.
Ein gledens dag
Saksordførar Torill Eidsheim (H) seier;
– Etter mange tiår med diskusjon blir no ny firefelts motorveg mellom Os og Bergen ein realitet.
Ho får støtte frå stortingsrepresentant for Hordaland, Helge Andre Njåstad (Frp).
– Dette er ein stor dag for Os, Bergensregionen og heile Vestlandet. Med denne viktige vegen til 6,5 mrd på plass legg det grunnlaget for at Bergensregioen blir endå meir kompakt, seier Njåstad.
Opnar for fritak
På eit område går komiteen lengre enn regjeringa. Dette gjeld bompengeinnkreving for dei som bur i Nordvik og på Søfteland.
«Komiteen ser at det ligg lokale vedtak knytt til ønskje om fritak for innbyggjarar som synes å kunne få ei urettmessig høg belastning ved dei planlagde bomplasseringane.
Komiteen viser til at nytteprinsippet skal ligge til grunn for innkreving av bompengar, og at det berre unntaksvis skal setjast opp bom på sidevegnettet.
Komiteen viser til at det i denne saka for nokre lokalmiljø må sikrast løysingar som gjer at det er samanheng mellom betaling og nytte for vegen.
Komiteen meiner at det bør arbeidast vidare med å finne ei løysing på problemstillinga i denne saka fram til bompengeinnkrevinga skal ta til. Det vil også vere naturleg å sjå dette i samanheng med den varsla omorganiseringa av bompengestrukturen.
Komiteen vil vidare understreke betydninga av at ein vel løysingar for bompengeinnkreving som i størst mogleg grad bidrar til å halde på ordninga si legitimitet.»
– Eg er svært nøgd med at ein samla komité går inn for oppstart av prosjektet og at det også er full enighet om at det må arbeidast vidare med å finne ei løsing som ivaretar nytteprinsippet knytt til bompengeinnkrevinga på ein betre måte, seier Eidsheim.
- I arbeidet med saka på Stortinget har utfordringane til bygdene Nordvik- og Kalandseidområdet vore løfta fram. Det har vore viktig å få fram at lokalmiljøa skal sikrast løysingar som gjer at det er samanheng mellom betaling og nytte for vegen, legg Njåstad til.
Visar at det nyttar
Leiar i Os Frp, Gustav Bahus gler seg over at dei lokale vedtaka har blitt følgd opp i komiteen.
– Dette viser at det nyttar å jobbe inn i mot våre representantar, slik som både vi i Frp og høgre har gjort.
– Det er flott å sjå resultatet svart på kvitt i innstillinga frå komiteen.
Endeleg handsaming i Stortinget er forventa å bli tysdag i neste veke.