Opnar fjellhallen
Solstrand opnar fjellhallen for Festspillene i Bergen. – Konserten er ein fin anledning for sambygdingane å vitja hallen, seier Børrea Schau-Larsen.
Fjellhallen blei bygd av det norske forsvaret og deira allierte etter 2. verdskrig som ein sambandssentral for kontakt med Europa og England i krisesituasjoner.
– Vi er varsame med å bruka hallen, men fryder oss over at festspillene ser utover byens grenser.
– Difor stilte vi den sjølvsagt begeistra til disposisjon då festspilldirektør Anders Beyer kom med ein forespurnad, fortel Børrea Schau-Larsen som håpar sambygdingane nyttar høve til å sjå hallen i tillegg til å høyra flott musikk.
Diplomstudentar frå to skuler
Konserten, som byrjar 19.30 laurdag 1. juni, er med seks prisvinnande diplomstudentar frå henhaldsvis Noregs Musikkhøgskule og The Juilliard School i New York.
Solistane er Ole Christian Gullikstad Haagenrud (piano), Ellen Nisbeth (bratsj), Maria Carlsen (fiolin), Lionel Cottet (cello), Siwoo Kim (fiolin) og Naomi Kudo (piano).
Dei seks vil framføra stykkjer av Mozart, Ravel, Chopin, Beethoven og Schoenfield.
I tillegg til konserten i fjellhallen vil det bli ein matiné i peisestova med danske Toke Møldrup og den israelske pianisten Yaro Kohlberg klokka 16. Dei to har høsta mange lovord etter å ha opptrådd i mellomanna Carnegie Hall og konserthallen på Tivoli i København.